Hopp til innholdet

–Alt var ikkje betre før

Alt var ikkje betre før - 5 tendensar i dagens barne- og ungdomslitteratur

Formidlingsrådgivar Øystein Espe Bae, foto: Niklas R. Lello

Fem tendensar i barne- og ungdomslitteraturen

1. Norsk barne- og ungdomslitteratur er i ein ny gullalder

Det slo Anne Cathrine Straume fast, vinnar av årets beste litteraturkritikar. Ein av dei mange grunnane til dette, er truleg alle dei sterke visuelle fortellingane som har kome dei siste åra. Det er ikkje alle som veit at Anna Fiske gjør det stort i Kina med sine detaljrike myldrebøker. Eller at Josef Yohannes opplever stor global suksess med sin Urban Legend-teikneserie. Den visuelle vendinga er tydeleg innan dei fleste sjangrar i samtidslitteraturen, og blir viktig å ha kunnskap om for ein formidlar.

2. Barnelitteraturen har skifta garderobe

Sjølvsagt står framleis bøkene til Maria Parr og Astrid Lindgren og skin om kapp i bokhylla, men i stadig større grad får barn også litterære opplevingar gjennom det vi ikkje tradisjonelt har sett på som litteratur; Ordlause bildebøker, teikneserieromanar, eller litterære spel og historier på nett eller brett er døme på former som er sentrale i det nye barnelitterære hamskiftet. Å formidle aktuell litteratur til dagens barn og ungdom vil seie å kunne bruke alle format.

3. Lesaren er ikkje berre ein lesar

Barne- og ungdomslesaren er ikkje lenger berre ein takknemleg og tolmodig lesar i hjørnet av rommet. Hen er i stadig større grad også en sosial og aktiv deltakar, ein rabulistisk medskapar, ein innovativ digital native som skriv fan fiction eller skaper fan art i fellesskap med andre barn. Dagens fantasy-fans dramatiserer litterære fantasy-univers og favorittkarakterar med cosplay. Å inkludere dette i formidlinga, slår sjeldan feil.

4. Tek barna på alvor

I samtidslitteraturen for barn og unge blir det i stadig større grad teke opp tema som stimulerer til refleksjon rundt mange av dagens viktigaste problemstillingar; Flyktningsituasjonen, klimakrise, krig, vald og utnytting, kjønns- og identitetsspørsmål, mat, sjukdom og helse, for å nemne nokon. I den nordiske barnelitteraturen blir det færre og færre tabu – den tek dagens barn på alvor. Det bør formidlaren gjere også.

5. Alder har gått ut på dato?

Kan det kallast ungdomslitteratur når både 15-åringar og 25-åringar les den same Young adult-boka? Indikerer desse bøkene at ungdom blir tidlegare vaksne, eller at dei blir seinare vaksne? Viss ungdom ikkje lenger berre er ungdom, må formidlaren henge med i svingane. Samstundes er jo barnelitteraturen definert av barneperspektivet. Humoren ei bok som passar for ein 11-åring passar truleg ikkje for ein 13-åring, sjølv om begge går på mellomtrinnet. Er det som var for barnsleg for ein 8-åring i 1970 framleis barnsleg i dag? Ein dyktig formidlar er som ein skreddar; Hen bruker sine analytiske evner til å finne og formidle aktuell litteratur tilpassa det einskilde barnet.

Dei fem tendensane er døme på tema som blir tatt opp på vårt sitt nettstudium i Samtidslitteratur for barn og unge. Interessert i å lære meir? Studiet har søknadsfrist 4. oktober.

Relaterte innlegg