
Ragnfrid Trohaug er forlagsredaktør i Samlaget og barne- og ungdomsbokforfattar.
Foto: Det Norske Samlaget
Eg skal ikkje påstå at alt var betre før, at biblioteket var større, bøkene meir fullendte og ungane klokare. Men det var lettare før; anten las ungane eller så gjorde dei det ikkje, og anten hørte dei på tid for bok, eller så slo dei ikkje på radioen.
Ein hadde oversikt i dette einkanalssamfunnet; visste at Agnes Cecilia var noko alle barn som hørte Lørdagsbarnetimen fikk med seg, og nesten alle barn hørte på radio laurdag klokka fem, eller ein visste at dei halvstore ungane hadde fått med seg både Kjære Timo, Mercedes og andre knakande gode ungdomsromanar, fordi dei var heime etter skoletid og låg på varmekablane på badet og lytta på Ungdommens Radioavis og Tid for bok.