Ragnar Hovland: Kvifor kjem elefantane?

Skrevet 08/05/2012 15:13 , sist oppdatert 05/09/2012 11:05
Untitled

Eg er ein av dei som aldri våga å få barn sjølv. Kva skulle eg seie til dei? Korleis skulle eg unngå å få dei til å hamne på kjøret, på skråplanet? Kva ville dei seie til meg? Ville eg klare å vere ein vaksen som kunne vere eit førebilete for dei, som dei ville kunne ha nokon som helst grunn til å sjå opp til?

Eg er den barnlause skrivaren som likevel – eller kanskje nettopp derfor – skriv m.a. for barn. Eller gjer eg det?

Eg har aldri kunna sjå for meg ein unge som har plukka opp ei av mine bøker og begynt å lese i den av rein nysgjerrigheit og eigen fri vilje. Dei kan ha fått ei bok i julegåve frå ein velmeinande onkel, ja. Dei kan ha fått ei bok anbefalt av ein Hovland-elskande lærar, ja. Men slik av seg sjølv? Det har eg aldri sett føre meg. Er det fordi eg ikkje trur det er bøker for dei? Jo, men eg trur jo det er bøker for dei, sidan det er bøker for meg.

Foto: Samlaget
Foto: Samlaget
Men kvifor skreiv eg barnebøker og kvifor har eg ikkje gitt opp tanken på ein gong igjen å skrive ei? Eg hugsar sjølvsagt ikkje. Ikkje heilt. Eg hugsar derimot litt av omstenda, dei fysiske og mentale, rundt skrivinga av nokre av desse bøkene. Den aller første blei for ein stor del skriven på tog. Den andre, ei samling historier, blei skriven i ei minileilegheit i Tyskland. Og historiene berre kom og kom, så snart ei var ferdig, stod ei ny klar.

Eg hugsar dei strenge grensene. Går det an å skrive ei bok, kanskje om ein foreldrelaus gut og ein sjømann, på ei veke? Det gjekk an. Går det an å skrive mesteparten av ei bok på ei natt? Ja, det gjekk også an. Men også meir behagelege tilstandar: Første gong eg skreiv barnebok på pc, då eg sat ute, under skyggefulle tre, i to månader, midt på sommaren, på ei lite fjell i Sør-Portugal, ei bok om to tøydyr på farefull ferd ut i verda.



Men spørsmålet var altså kvifor eg gjorde dette. Var det for barnas beste? For å prøve å gi dei noko verdifullt og godt? Neppe. Fordi eg kan seie andre ting i ei barnebok enn i ei vaksenbok? Nja… Er eg friare i ei barnebok? Niks, eg er mykje friare i ei vaksenbok. Kan eg tulle meir i ei barnebok, då, i det minste? Niks igjen. Eg tullar meir i vaksenbøker.

Ofte er svaret godt nok: Det er blitt sånn. Det berre blei sånn. Slik trur eg dei fleste som har skrive barnelitteratur kunne svare. Og det er vel sant. Ei god bok treng inga forklaring, den berre kjem inn døra og tar sin sjølvsagde og udiskuterbare plass. Då må det vel vere like sjølvsagt å ha skrive ei slik bok. Og å skrive noko ein trur kan bli ei god bok, vil ofte fylle ein med ei god kjensle, ei kjensle av at dette er nok, at ein ikkje treng å gjere noko anna.

Eit anna svar er: Eg var eit barn som var meir enn gjennomsnittleg glad i å lese, som hadde enorme leseopplevingar gjennom ei rekke år. Når eg skriv barnebøker, prøver eg å nærme meg min eigen barndom, korleis var det, kva dreidde det seg om, og eg prøver å nærme meg, krinse rundt, kva det er å vere barn. Dei ufattelege gledene og fridomskjensla. Dei strenge grensene. Dei store sorgene. Kjensla av å vere sviken, av å vere heilt åleine. Det å kunne sjå noko for aller første gong, utan noko å samanlikne med. Alt dette.

Foto: Samlaget
Foto: Samlaget
Når eg skriv, trur eg eg prøver å vidareføre mine eigne lesegleder, ved referansar til annan litteratur, til Alice in Wonderland, Huckleberry Finn, Tom Sawyer, Stuart Mus, som er nokre av dei bøkene eg stadig vender tilbake til, og som i ein viss forstand «speler med» når eg skriv. Og det er vel noko av stemninga, atmosfæren, i desse bøkene eg vil prøve å føre vidare, meir i det alvorlege tullet enn i det tullete alvoret.

Å skrive ei barnebok kan på sitt beste samanliknast med ein søndag, om sommaren. Det er sol og fjorden ligg blank og stille. Det er ingenting spesielt som skal skje, men kanskje skal de på besøk om ettermiddagen, kanskje til ein onkel og ei tante. Kanskje har dei ein hund, kanskje er det nokon du kan leike med. Kanskje vankar det brus og kake. Og kanskje stoppar de ein plass på vegen, ved fjorden. Går ut av bilen. Og om det er for kaldt å bade, så går det gjerne an å vasse litt.
 

Les mer om Ragnar Hovland
På Samlagets sider
På Allkunnes sider

Gjengitt med tillatelse fra forfatteren.
Teksten er tidligere publisert i essaysamlingen Kunsten å komme heim og andre essay, Samlaget 2011
og i Klassekampens papirutgave.