Frå Apan fin (1999) til Hej då, lilla apa! (2008). Bildebok og animasjonsfilm – resepsjon og medieestetikk

Ingeborg Mjør ved Høgskolen i Bergen analyserer animasjonsfilmen Hej då, lilla apa! (2008), ein adaptasjon av Anna-Clara Tidholms småbarnsbildebok Apan fin (1999). Filmen har reformulert nokre av bokas motiv og lagt til nye motiv, og artikkelen prøver for det første å grunngi desse endringane i resepsjonsperspektiv, det vil seie at endringane er gjort av omsyn til små barns (12 år) resepsjon.

For det andre kan ein sjå filmen som eit produkt av medieestetiske omsyn, den er laga på filmmediets premissar, som på visse måtar skil seg frå bildebokmediets premissar. Analysen framhevar likskapar og skilnader mellom bildebok og animasjonsfilm.

Les hele artikkelen i BLFT