Hopp til innholdet

I skuggen til Pippi Langstrømpe

Skrevet av Ragnhild Thorkildsen, student ved NBIs nettstudier i samtidslitteratur for barn og unge

Raudtoppen i Villa Villekulla er rett nok verdas sterkaste jente. Men kanskje har ei litt einsam jente på Krav Maga-trening vel så mykje å fortelja dagens unge?

Utanfor barneromma heime hos oss, står det to fulle kassar med barnebøker. Dei aller fleste er av god, gammal årgang, og nokre er så gamle at mamma hadde dei då ho var lita. Sidene er rivna, og innbindinga har for lengst sett sine beste dagar. Likevel står dei der, og berre ventar på å bli plukka opp.

Det er noko heilt spesielt med desse gamle bøkene, som eg berre ikkje kan gje slepp på. Desse fantastiske historiene som trefte meg midt i hjartet då eg var lita, og som berre blei verande der.

Sånn er eg, og eg veit at eg ikkje er åleine. Me er mange som har det sånn. Som sjeldan ser forbi dei gamle klassikarane når me skal plukka opp noko å lesa for ungane våre. Pippi Langstrømpe, Emil i Lønneberget, Brødrene Løvehjerte, Knerten, Aurora, Hakkebakkeskogen og Kardemomme by. Klart mine born må få desse skattane under huda, slik eg fekk det. Desse bøkene som rørte noko i meg. Som fekk meg til å be mamma om å lesa dei høgt for meg, igjen og igjen.

Det kan jo ikkje bli betre enn det. Eller kan det eigentleg det? Kanskje vel eg berre minste motstands veg når eg gong etter gong går i mamma si skattekiste? Kanskje er eg berre lat? Kven veit!

Og eg har det på same måte på jobb. Tenk berre om elevane mine ikkje har foreldre som les desse bøkene for dei? Eller endå verre: Tenk om dei ikkje les for borna i det heile? Då må det vel vera min jobb å sikra at dei i det minste får eit glimt eller to frå den fantastiske skattekista?

Sånn må det berre vera. Det er eg heilt overbevist om. Likevel er eg ikkje like bombesikker som eg ein gong var. For kva skjer vel når elevane ikkje lenger kjenner seg igjen i bøkene? Astrid Lindgren skreiv bøker som ein kunne drøyma seg vekk i. Men ho skreiv òg bøker som spegla den tida ho levde i.

På same måte skildrar dagens forfattarar livet i dag. Dei tek opp problemstillingar som dagens ungar og ungdom kan kjenna seg igjen i. Og om dei ikkje heilt klarer å snakka ungdommen sitt språk, er det i alle fall mykje nærmare enn det 50- og 60-talslitteraturen var.

Eit godt døme er boka Ungdomsskolen av Anders Kvammen. Boka kom ut i 2016, og tar opp dagsaktuelle tema som psykisk helse, ungdom, mobbing, sorg og møte med helsevesenet.

Eg er sikker på at dei som er i målgruppa for denne boka finn mykje å kjenna seg igjen i. Og eg trur dei treng det. I ei verd der altfor mykje er pynta på, trur eg at ungdommen treng gode bøker som speglar verda slik ho er i dag. Så kan dei sjå at dei ikkje er åleine. At det er heilt greitt at livet av og til er kjipt. Slik det alltid har vore, sjølv om det aldri før har vist så godt igjen i barne- og ungdomslitteraturen som no.

Som «vaksen» er eg strengt tatt ikkje i kjernemålgruppa. Men det var ei anna scene i boka som verkeleg rørte det blaute pedagoghjartet mitt. Eit slags vendepunkt, der to jenter tar hovudpersonen i forsvar, og reiser seg mot bøllene. Utan at det blir moraliserande og kleint, forstår lesaren at det går an å ta til motmæle. At ein kan bety noko for andre, om ein berre vågar.

Heidi Sævareid er ein annan forfattar som elegant viser kor viktig dagens ungdomslitteratur kan vera, i boka om den litt einsame jenta som utfordrar seg sjølv med kampsporten Krav Maga. Utan at det blir problematisert med eitt einaste ord før langt uti boka, skildrar ho i ungdomsromanen Slagside kvardagen til ei jente som er bifil. Det er ikkje ei greie. Det er berre sånn det er. Og eg elskar det.

Eg er sikker på at nøkkelen til leseglede er å finna bøker som fengjer lesaren. Som lærar må eg tenka på kor flinke elevane er til å lesa, men eg må òg tenka på kva interesser dei har. Klarer eg å kombinera dette med nye, gode bøker som dei unge kan kjenna seg igjen i, trur eg det lett kan gå bra.

Så er det vel kanskje på tide å la klassikarane vika for det som er nytt. Kvar generasjon treng sine bøker, og då må kanskje Pippi litt lenger bak i stabelen. For eg legg ho ikkje vekk. Eg legg ho berre til sides.

Relaterte innlegg