Då nettene var varme og lyse og det skjedde ting heile tida

Om Tove Janssons Sent i november.

Sommarlektyre! Ein heilt eigen sjanger. Og minna veltar straks på, med forunderleg kraft, om bøker ein har brukt sommaren på å lese. Den litt tunge, men absolutt lærerike og heroiske, sommaren då ein streva seg gjennom heile Ulysses, den noko lettare og lysare sommaren då ein låg i det intenst grøne sunnfjordgraset og nærmast svevde gjennom Alice in Wonderland og Through The Loooking Glass. Første sommarmøte med P.G. Wodehouse og Jeeves. Med Dickens’ Great Expectations. Donald-pocketbøkene. Og alt det andre. Lektyre som passa saman med sol og regn, bading, fisking, lange bilturar, fjerne kafébord og hotellrom, sommarforelskingar og lett udefinerbar lengt mot noko. Ikkje for krevjande, eller nettopp det. Bøker som ein no har tid til å lese.

Her kjem ei sommarbok som ikkje handlar om sommar (det ville då også vere underleg, med den tittelen). Men minnet om sommar. Somrane som har vore og som aldri vil kome tilbake.

Tove Jansson: Sent i november (1970)

Dette er ei bok av det slaget som ein nesten ikkje vågar å snakke om. Ein vil at boka skal vere hemmeleg, på same tid som ein vil at så mange som muleg skal kunne gle seg over den. Det er verdslitteratur, men det er det no så mykje som er. Og den er skriven av ein av dei aller største forfattarane. Ein av desse forfattarane som det kjennest så trygt å lese, fordi ein veit at ho ikkje er i stand til å skrive eit einaste ord som er feil, ikkje ein einaste dårleg eller slapp setning. Ein veit at ein vil le høgt undervegs, og kanskje gråte litt. Og at ein etterpå vil kjenne seg litt klokare og vite at ein har lese noko som er djupt menneskeleg og sant.

Og så er ikkje personane i romanen eingong menneske, men likevel altså svært menneskelege.

Dette er ein vemodig roman. Kanskje først og fremst fordi det er aller siste gong lesaren får besøke Mummidalen og personane der. Ein visste vel ikkje at det ville bli siste gong då boka kom ut, men hadde kanskje likevel ein mistanke. Boka ber preg av å vere ei avslutning. Historia ser rett nok ut til å halde fram, men ein annan stad, og vi får ikkje del i den. Og boka er også vemodig på den måten at Mummi-familien ikkje eingong er med, berre som eit slags bakteppe.

Dette er bipersonanes roman. Figurar som har spelt mindre (men viktige nok) roller i dei tidlegare bøkene om Mummitrollet og familien hans. Her samlast dei i det tomme Mummihuset og må gjere så godt dei kan. Ingen av dei har eigentleg noko felles, men dei må lære seg å leve saman. Det er den nevrotiske Filifjonka, den litt engstelege Hemulen, den mystiske vandraren Snusmumrikken, den egoistiske og kranglevorne Onkelskruttet (Onkelsulliken i norsk utgåve), den vakre og sjølvsikre Mymlan (eller Mymlens datter på norsk) og den redde og morssøkjande homsen (nei då, det er eit lite vesen og har ingenting med seksuell legning å gjere, Tove Jansson fann på ordet først) Toft.

Karakterer fra Mummiuniverset

Filifjonka skal eigentleg berre på besøk til Mummimamma, («man ska besluta sig för saker i vissa stämningar och helst snabbt innan stämningen går över») og har med seg ei gåve, ein porselensvase. Mymlan finn brått ut at ho skal besøkje søster si, Lille My, etter gammalt. Hemulen finn ikkje lenger noka meining i livet, han synest plutseleg at alt han driv med er å flytte ting frå ein stad til ein annan (ei kjensle mange av oss vel har hatt), og han minnest brått eit hyggeleg gjesterom og somrar som var, då det skjedde ting. Onkelsulliken veit ikkje heilt kvifor han gir seg på veg til Mummidalen, for han har gløymt det meste, inkludert sitt eige namn («Det är lite melankolisk att glömma de andras namn men bara skönt att kunna glömma sitt eget».). Snusmumrikken har eigentleg brote opp og gitt seg på veg sørover for vinteren, men oppdagar at han har gløymt nokre tonar til ein song om regn han har tenkt å lage, og må tilbake for å finne dei. Og homsen Toft er ein sjåar, og heilt åleine i verda (det er også dei andre), og han har sett Mummifamilien i draumane sine, og drar no for å finne dei. Og først og fremst for å finne ei mor.

Seks personar som altså ikkje har noko særleg felles, to som er på høgde med dei fleste situasjonar (Mymlan og Snusmumrikken), tre som er heller engstelege av natur, og så altså Onkelsulliken som driv med sitt og er mest sur og sint fordi berre han veit korleis det er å vere gammal. Det er t.d. slik, alderdommen i eit nøtteskal: «Det finns så många som blir presenterade och genast förlorar sitt namn. De kommer på söndagarna. De skriker artiga frågor därför att de aldrig kan lära sig att man inte är döv. De försöker tala så enkelt som möjligt för att man ska förstå vad det är fråga om. De säger god natt och går hem till sig själva och spelar och dansar och sjunger ända till nästa morgon. De är släktingar.»

Det som bind dei saman er at dei alle treng den fråverande Mummi-familien. Og dei finn ut at dei alltid har rekna dei som noko sjølvsagt. Som hemulen seier det: «Jag tittade aldrig så noga på dem, de bara fanns du förstår…De var bara som nånting som alltid finns kvar om du förstår vad jag menar…Sådär som träd, va – eller saker…»

Boka startar ein gong i november og sluttar litt ut i desember, når snøen alt har meldt seg. Det skjer stort sett heilt daglegdagse ting, og høgdepunktet er ein fest (eller ”hemmakveld”) der alle skal bidra med noko. Og den sluttar med at alle (bortsett frå homsen Toft) drar kvar til sitt, utan å vente lenger på Mummifamilien. Berre vesle Toft er att for å ta imot fanglina når stormlykta frå båten til Mummifamilien endeleg viser seg mot den mørke himmelen.

Det er mørkt og kaldt, både ute og inne i det tomme Mummihuset. Det regner kraftig («marken ruttnade istället för att vissna»), det blæs, og fryktinngytande torevêr dreg forbi. Einsame, digre og mørke dyr snik seg langs husveggane. Men Filifjonka går inn i morsrolla, tenner i kakkelomnen og lagar mat til alle. Og alle (bortsett frå Onkelsulliken, sjølvsagt) begynner å ta seg av kvarandre, med eller mot sin eigen vilje. Og alle opnar seg på eitt eller anna tidspunkt, også meir og mindre frivillig. Sjølv Mymlan og Snusmumrikken blir avslørte og får menneskelege sprekkar i fasadane. Og dei begynner å respektere kvarandre. Og når dei bryt opp, har alle nådd fram til ei form for høgare erkjenning. Dei treng ikkje lenger vente på den trygge Mummifamilien.

Og heile tida handlar det på fleire nivå om somrane, om eit fast haldepunkt, om ei tid då ein kjende seg lykkeleg. Som det er for hemulen: «På något vis hade han alltid tänkt sig sommar i Mumindalen.» Og slik er det vel for alle oss som har vandra i denne dalen. Det er sommar der (bortsett frå i boka Trollvinter, men den øydelegg ikkje poenget). Og det er den korte og lyse nordiske sommaren, som ingen har skildra som Tove Jansson. (Ikkje tilfeldig at ei av ikkje-Mummibøkene hennar heiter Sommarboken.)

Tove Jansson

Så kva er det med Tove Jansson? Er det ikkje barnebøker ho har skrive? Er ikkje heile Mummi-konseptet øydelagt av banalisering og dårlege teiknefilmar og ymse spin-off-produkt?

Det er ikkje det. Og ikkje er det barnebøker heller. Om det no er nokon der ute som er redd for slikt. Ikkje berre. Og Sent i november er mest for dei vaksne. Sjølv las eg boka første gong som 19-20-åring, og det var akkurat rett alder. Og då eg las boka om att for å skrive denne artikkelen, oppdaga eg fort at eg framleis er i akkurat rett alder.

Bør ein så ha lese dei andre bøkene om Mummidalen og innbyggjarane der før ein går laus på denne? Truleg er det ein fordel at ein har lese noko, at ein iallfall har ei aning om kva det dreier seg om, for å få full effekt. Men det er ikkje vanskeleg, alle bøkene er lett tilgjengelege, på svensk eller norsk. Og heilt nødvendig er det likevel ikkje å kjenne forhistoria. Ein kjem fort inn i atmosfæren. Og ein skjønar meir undervegs. Og forfattarens eigne illustrasjonar gjer at personane fort blir levande og krev å få vere hos deg for alltid. Og denne kombinasjonen av tekst og bilde gjer også Tove Jansson eineståande i verdslitteraturen.

Dette er ei bok av det slaget ein ikkje må seie for mykje om, og det har eg truleg alt gjort. Det er den perfekte melankolske sommarlektyre, og for heile året. Og eg gir med dette siste ordet til Onkelskruttet: «Och nu kunde han inte fiska längre. Han lade sammetskudden över huvudet och mindes sin egen glada bäck, mer och mer kom han ihåg hur bäckarna rann och dagarna gick på den tiden för länge sen när det fanns mycket fisk och nätterna var varma och ljusa och saker hände hela tiden. Man sprang benen av sig för att hinna med allt som hände och sov bara en liten blund i förbifarten och skrattade åt allt…»

*

Teksten er gjengitt med tillatelse fra forfatteren, og er tidligere publisert i essaysamlingen Kunsten å komme heim og andre essay, Samlaget 2011 og i Klassekampens papirutgave.