Ragnar Hovland: Den dagen Stuart fann opp melankolien

Om E.B. White: STUART MUS

Dette er ei bok som har ein sjølvsagd plass i min eigen private kanon og som har hatt det sidan tidenes morgon, då skoddeflaka dreiv over Avalon, så nær sagt. Det er også ei bok eg har plaga omgivnadene mine med i alle år, i ein slik grad at dei no held seg for øyrene straks eg tar ordet «Stuart» i min munn, og ei bok eg har nemnt i dei fleste samanhengar der det har vore snakk om favorittbøker. Eg har (ikkje utan angst for at ho skulle bli rota vekk) lånt ut boka til nokre få menneske av det slaget eg har stor tillit til, og alltid fått ho att med dei reaksjonane eg hadde venta. Det er ei heilt spesiell bok. Og eg har sjølv lese boka om att fleire gonger i godt vaksen alder og fått stadfesta at den held seg. Og dermed skulle eg vel ha gardert meg tilstrekkeleg og kan begynne.

Foto: Harper New YorkStuart Mus (originaltittel: Stuart Little, og ja, det er same person som det seinare er laga filmar om) kom ut første gong i New York i 1945, og i norsk omsetjing ved Zinken Hopp på J.W. Eides forlag i 1948. Eg fekk boka av foreldra mine til fødselsdagen, truleg rett etter at eg hadde lært å lese, og den kosta den gongen kr. 2,-.

Eg har teikna litt i boka, og litteraturinteresserte rotter har ete opp ryggen, men elles er boka like fin. På omslagsteikninga, av den geniale Garth Williams ser ein Stuart, kledd i kvitt, der han stolt padlar nedover ei stille elv i kanoen sin, med det flotte namnet «Din for evig».

Forfattaren E.B. (Elwyn Brooks) White (1899-1985) hadde, då boka kom ut, eit godt namn som journalist og essayist. Han skreiv fast i The New Yorker frå 1927 til 1976 og bidrog også i Harper’s Magazine frå 1938 til 1943. Han er truleg ein av dei som best og kjærlegast har skildra byen New York, og tidenes New York-essay, det vakre Here is New York, finst som eiga utgiving.

Stuart Litte var første barneboka hans, seinare kom dei like kjende og høgt prisa Charlotte’s Web og The Trumpet of the Swan. Stuart Mus er ei bok som tar opp dei heilt store eksistensielle spørsmål, og den inneheld ikkje noko som er «barnsleg». Den vender seg tvert om til barn som sjølvstendig tenkjande individ. Den skapte også mitt første bilde av New York, eit bilde som har halde seg fram til i dag, og som er like sterkt som det Woody Allen laga i Manhattan.

Stuart Mus er verkeleg ei mus, men har menneske-foreldre og menneske-bror, og har sjølv alle menneskelege eigenskapar, men er altså svært liten og er ytre sett ei mus. Boka handlar sjølvsagt om korleis ein slik person skal kunne klare seg i ei verd som er laga for vaksne menneske, og om alle dei farar som trugar, som avløpsrøyr, og ikkje minst hovudfienden, katten Snøball. Boka er, i tillegg til mykje anna, ei vakker kjærleikshistorie, og eit stykke ut i forteljinga, forvandlar ho seg til å bli mitt livs første road-roman, og det er også den første boka eg las med open slutt! Litt av eit sjokk for ein ung lesar, og heilt sikkert ein av grunnane til at boka har halde seg så godt.

Foto: Harper New York Foto: Harper New York

Forfattaren bruker forbiletleg nok berre nokre få linjer på å snakke om det uvanlege ved at menneske føder ei mus, deretter er Stuart ein ganske naturleg del av familielivet og samfunnet rundt. Den alltid like velkledde Stuart overlever diverse farar, som det før nemnde avløpsrøyret, å bli ført til havs i ein lekter fylt med søppel, bli innestengd i kjøleskåpet, og nokre utfall frå katten Snøball. Men han opplever også store gleder, som å vinne ein regatta i Central Park og, ikkje minst, han blir kjend med fuglen Margalo. Dette blir den store kjærleiken, og også årsaka til at forteljinga tar ei ny vending.

Etter stadig større truslar frå katten Snøball, forstår Margalo at ho må reise, noko ho gjer utan å seie farvel. Stuart er trøysteslaus og forstår at han er nøydd å reise ut i det ukjende for å finne att sitt livs kjærleik. Ein god venn, ein tannlege, skaffar han ein bil som så fører han ut på dei endelause vegane.  Uventa ting skjer på vegen, ikkje minst at Stuart må opptre som vikarlærar for den sjuke frøken Gundersen. Og han har det pedagogiske opplegget klart. Då overlæraren spør om han trur han kan halde orden på klassen, svarer Stuart kjekt:

Selvsagt kan jeg det!”(…) ”Jeg skal gjøre undervisningen spennende, så kommer nok resten av seg selv.” Skuletimen blir m.a. ein diskusjon om kva som er viktig, og slik ser det ut: ”Det er viktig med solskinn når det har regnet, og med god musikk, og den lukten som sitter i en barnenakke når moren holder babyen fast inntil seg,” svarte Henry.

 ”Det er riktig,” sa Stuart. ”Det er de viktige tingene. Men du glemte én ting, likevel. Mary, hva var det Henry glemte?”

 ”Han glemte iskrem med sjokoladesaus,” sa Mary fort.

 ”Akkurat,” sa Stuart. ”Iskrem er viktig.”

Lenger framme møter Stuart Harriet Lie, ei ung dame som er like stor som han sjølv, og alt ligg til rette for at ein romanse skal oppstå, når Stuart overvinn sin naturlege blygskap. Han drøymer om å ta henne med på ein kanotur på elva, og han får verkeleg tak i ein kano og kan drøyme vidare:

Stuart tenkte at han ville ha badebukse under klærne, så han kunne stupe fra vannliljebladet. Han skulle svømme med flotte tak fram og tilbake(…)mens Harriet satt og så på og ble glad i ham fordi han var så flink til å svømme.”

Men det endar i katastrofe. Harriet dukkar opp til avtalt tid, men kanoen er øydelagd. Og sjølv om Harriet seier at det slett ikkje gjer noko, er Stuart så utrøysteleg at han spolerer alt:

Farvel, frøken Lie,” sa Stuart. ”Jeg er lei for at den kvelden vi skulle ha på elva, skulle ende på denne måten.”

”Det er jeg også,” sa Harriet. Og hun gikk av sted på den våte stien, og lot Stuart sitte igjen med sine knuste drømmer og sin ødelagte kano.”

Boka inneheld fleire parti med ein forunderleg og vemodig poesi, som sit att i lesaren mange tiår seinare, som i siste kapittel, der Stuart møter ein telefonarbeidar som sit i grøftekanten og roar han av før dagens arbeidsøkt i telefonstolpane tar til. Stuart og telefonmannen innleier ein samtale som også handlar om dei viktige tinga, og sistnemnde kan fortelje kva han har sett når han har følgt telefonlinjene nordover:

…der det sitter duer på trestammene og venter; men de venter ikke på noen bestemt; enger som er gjerdet inne med krokete gjerder som er falt ned fordi de har stått der så lenge, og frukthager som er så gamle at de har glemt hva hus de hører til.(…) Jeg har gått gjennom mørke skoger, der snøen lå dyp og bløt i vinternatten, og der de ville kaninene danste mellom trærne, og jeg har sittet på jernbanestasjoner i de varme timene når det luktet hett og godt. Jeg vet om innsjøer i nord som ikke er uroet av noen, utan av fisk og hauk, og så telefonmennene som må se etter linjene sine. Jeg kjenner godt til alle disse stedene. De er langt borte herfra – glem ikke det. Og en mann som ser etter noe, reiser ikke svært fort.”

Illustrasjon: Garth WilliamsSom alle gode barnebokforfattarar sameinar White det vittige med det poetiske og vemodige. Og teikningane til Garth Williams passar heilt perfekt. Stuart Mus er ein person som lever, og med stor verdigheit. Han er på mange måtar ein kompromisslaus person, ein som utfører det han har bestemt seg for, men han er samtidig ein person med eit stort hjarte, og ein moderne romanhelt som tviler på sine eigne prosjekt og som innimellom blir sin eigen verste fiende. Han har sterke kjensler og kan sjå på verda med eit ironisk blikk, og han kan bli overmanna av sorg og fortviling.

Men det som meir enn noko anna gjer Stuart Mus til ein moderne roman er slutten. Stuart sit der i den vesle bilen sin, han fjernar seg meir og meir frå mora og faren og broren Georg, på veg mot noko som mildt sagt må kallast usikkert. Og mens lesaren sterkt håper at dette vil ordne seg, det ville vår helt ha fortent, så finn forfattaren det for godt å runde det heile av, med nokre sistelinjer som eg ikkje vil nøle med å kalle eineståande:

 ”Stuart reiste seg fra grøftekanten, satte seg i bilen og gled oppover vegen mot nord. Sola var nettopp kommet opp over bakken på høyre side. Han stirret fram over landet som strakte seg ut foran ham, og vegen så lang ut. Men himmelen var lys, og han kjente det på seg at han hadde tatt den riktige kursen.

«Han visste det, helt sikkert!”

Med desse linjene kom melankolien og rastløysa inn i denne lesarens liv, og han fekk for første gong ei kjensle av at det kanskje ikkje fanst nokon heim her på jord. Og kanskje var det ikkje så forferdeleg som ein skulle tru.

 

Artikkelen har tidligere vært publisert i Klassekampen papir.
Gjengitt med tillatelse fra forfatteren.

 

Relaterte innlegg

Stikkord: