Navigate / search

Margunn Vikingstad er tilsett som prosjektleiar for forfattarutdanning i faglitteratur 2014-2015

Margunn Vikingstad. Foto: Privat

På oppdrag frå Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening (NFFO) gjennomfører Norsk barnebokinstitutt eit treårig prosjekt med forfattarutdanning i faglitteratur for barn og ungdom. Det siste året i prosjektet startar opp i august 2014, og blir avslutta i juni 2015. Vikingstad skal leie den faglege og administrative gjennomføringa av fordjupingsstudiet, og er tilsett i 50% stilling frå 2. juni.

Margunn Vikingstad har hovudfag i nordisk språk og litteratur frå Universitetet i Oslo (2000), vore litteraturkritikar i Dag og Tid frå 2001 til 2013, og begynte som litteraturkritikar i Morgenbladet i august 2013. Ho har stort sett jobba som frilansar, og ein periode med informasjonsarbeid ved Det Norske Teatret (2005-2008). Vikingstad har sidan 2010 kombinert kritikarverksemda med å gjere skjønnlitterære omsetjingar.

Den første omsetjinga var ei sakprosabok for barn, Oppdagingar og oppfinningar, av Emeline Lebouteiller, Vincent Jullien og illustrasjonar av Axel Renaux (originaltittel: Inventions et découvertes) gitt ut på Samlaget i 2008. Elles har ho m.a. omsett tre teaterstykke av den fransk-kanadiske dramatikaren Daniel Danis som er gitt ut i bokform (2011) i Jon Fosse sin serie med omsett dramatikk på Samlaget, ein roman av franske Nina Bouraoui, Kyssa våre er ein avskjed, utgitt på Bokvennen (2013), og sist ein teikneserie av britiske Tom Gauld med tittel Goliat, gitt ut på Minuskel forlag (2014).

Frå september 2013 til juni 2014 har ho vore tilsett som prosjektleiar i NORLA (Senter for norsk skjønn- og faglitteratur i utlandet) med ansvar for ein internasjonal omsetjarkonferanse som blei arrangert 14.-16. mai på Holmen Fjordhotell i Asker.