Hopp til innholdet

På nett med samtidslitteraturen

NBIs vidareutdanning i samtidslitteratur har nett ønskt velkomen sitt tredje studentkull, og har på kort tid etablert seg som ei relevant utdanning for formidlarar frå heile landet. Vi tok ein prat med Øystein Espe Bae for å finne ut kvar skoen trykker hos dei som til dagleg formidlar litteratur til barn og unge.

Studiet er ei nettbasert vidareutdanning på deltid, som er meint for formidlarar av barne- og ungdomslitteratur i bibliotek, skule eller andre stader.

Øystein Espe Bae. Foto: NBI

Etter tre år med oppbygging og utprøving både av studieplanar og undervisingformer – har studiet no funne forma si?
Studiet har etter litt fram og tilbake funne ei form som fungerer veldig godt. Utfordringa var at vi ville at studiet skulle gi 30 studiepoeng, men også vere såpass fleksibelt at det kunne takast av formidlarar som allereie er i full jobb. Det trur eg vi har fått til.

Kva utfordringar har du møtt undervegs?
Den første utfordringa var å finne ut kva slags studium studentane faktisk hadde behov for, både av innhald og praktisk tilrettelegging. Det første handlar om å gjere studiet relevant, å sørge for at undervisning, arbeidsmåtar og pensumlister faktisk gir læring som studentane kan bruke til å vidareutvikle seg som formidlarar i den jobben dei har. Løysinga var å gi alle litt av det kjente og litt av det ukjente. Når det gjeld tilrettelegginga, viste det seg viktig å forme studiet på asynkront vis – slik at studentane kan koble seg på og jobbe når dei sjølv har høve til det.

Studentar og førelesarar som aldri møter kvarandre på tradisjonelt vis – kva gjer det med læringsutbyttet og læringsmiljøet?
Nettstudium har nokre fordeler, og nokre ulemper. Nettstudiet her hos NBI har den fordelen at ein kan føre studentar saman i faglege diskusjonar utan at dei treng å ta flyet frå Tromsø eller Stavanger til Oslo ein gong i månaden. Studentar og lærarar møter kvarandre gjennom videosamtaler og anna dialogbasert undervising. Videosamtalar har blitt ein utbreidd og populær kommunikasjonsmåte dei siste åra, og mange studentar er komfortable med det. Det blir eit anna type læringsmiljø enn i tradisjonelle klasserom, det er klart, men dei fleste studentar likar fridomen som ligg i det. Nettstudium er veldig effektivt for ei vidareutdanning som denne, og dei fleste studentar hos oss melder om at fordelane veg opp for ulempene med ganske god margin.

Kva driv deg i arbeidet med utdanninga?
Det som driv meg, er å sjå studentane kome inn som ein tørr svamp, klar for fagleg påfyll, for så å sjå korleis dei utviklar seg som fagpersonar gjennom studieåret. Det er alltid eit stort kick å eksaminere eit nytt kull, og sjå kor bra det har gått med studentane, som gjennom året har jobba steinhardt for å kome i mål.

Foto: Pixabay.com

Kva ser du som utviklingspotensialet for denne typen utdanning?
Eg spår at det berre blir fleire og fleire utdanningstilbod av denne typen. Særleg i lys av dei auka kompetansekrava som blir stilt til formidlarar i desse dagar, og dei teknologiske moglegheitene som kjem til. Det gjeld både lærarar og bibliotekarar.

Studiet handlar om samtidslitteratur. Kva tendensar vil du løfte fram som viktige?
Her på studiet prøvar vi å undervise i et tverrsnitt av dei ulike former for litteratur som har kome ut i Noreg dei siste åra. Det inneber at vi tek føre oss alt frå ”vanlige” ungdomsromanar, til sakprosa og faglitteratur, lettlesbøker, bildebøker, appar og teikneserier. For å nemne noko!

Men studiet ser også nærare på utviklinga av barn og unges nye digitale kultur og nye lesemåtar, og ikkje minst på formidlingsteori- og metodikk. Vi prøver å ha eitt blikk på litteraturen i seg sjølv, og eitt blikk på formidlinga og på rammevilkåra i dei felta som våre studentar er i kontakt med gjennom sin yrkespraksis.

Du har eit breidt kontaktnett, og sit i styret til Barnebokkritikk.no og i Bragejuryen, for å nemne nokon av verva dine.  Du må ha ei formeining om kva som står på spel på barnebokfeltet no for tida?
Det er eit spørsmål som har mange ulike svar, alt etter som viss ein ser på litteraturen i seg sjølv frå eit litteraturvitskapeleg perspektiv, eller om ein tek perspektivet til forfattarane, organisasjonar, forlaga, biblioteka eller skulen, for den del.

Det står som regel noko på spel hos alle som arbeider med barne- og ungdomslitteratur og formidlinga av den, og det ser ikkje ut til å endre seg. Dei økonomiske strukturane endrar seg, barn og unge endrar seg, og litteraturen endrar seg. Korleis dei kausale bindingane er, er ikkje alltid lett å få auge på. Eit spørsmål som eg ser at vi må stille framover, er til dømes korleis den norskspråklege litteraturen vil stå seg i møte med den engelskspråklege, meir kommersielle litteraturen. Vidare er det verdt å gjere seg nokon tankar om kva som skjer rundt den heildigitale litteraturen, om den er på veg inn i stuene til folk via nettbrettet, eller om det var eit teknologioptimistisk blaff? Og korleis skal ein tenke formidling i dagens fragmenterte og intense straum av uttrykksformer? Vi som jobbar med undervising her på NBI prøver så godt vi kan å følge med, ta pulsen. Vi prøver å forstå kva som skjer, kvifor det skjer, kva som står på spel, og kva relevans det har for barn og unge, for studentane våre, og samfunnet for øvrig.

 

Les meir:

Øystein Espe Baes fagartikkel Når lyden får ei anna pipe frå NBIs fagartikkelsamling: Den barnelitterære fortellerstemmen, 22.12.2015

Øystein Espe Bae gjesteblogger hos Deichman.no 28.10.2015
Min bibliotekar: Nytenkeren

 

 

Relaterte innlegg