Hopp til innholdet

Falturiltu – nynorsk barnebokfestival 5.-12. november

Bjørn Sortland, Veronika Erstad, Ruth Lillegraven, Tore Renberg, Per Olav Kaldestad, Hilde Kramer, Rune Belsvik, Selma Lønning Aarø, Øyvind Torseter, Ragnar Hovland, Olaug Nilssen, Pål Brekke Indregard, Ole Ivar Burås Storø og Kristin Ørjasæter deltok. Og mange fleir. Det var og to faglege seminar under festivalen. Desse var retta mot formidlarar av barnelitteratur, som lærarar, bibliotekarar, barnehageansatte og andre.

falturiltuFestivalforfattar var Bjørn Sortland. Han var tilstades under heile festivalen, 5. -12. november, og det er hans tekstar som har vore inspirasjon til temaet kjærleik, som var den raude tråden i årets festivalprogram.

Fullstendig program 5.-12. november

Kjelde: www.falturiltu.no

Falturiltu – fagseminar

Torsdag 10. og fredag 11. november tilbød Falturiltu ei retteleg gåvepakke til alle som er opptekne av litteraturformidling for born og unge. Det var høve til å delta ein eller begge dagar, og for dei som deltok begge dagar var det underhaldning på kveldstid i tillegg.

Torsdag: Falturiltuseminaret
Falturiltu ønskja vel møtt til det tradisjonelle Falturiltuseminaret på HSH. Festivaltema i år er Kjærleik.

Program:
10:00 Opning. Musikalsk innslag.
10:20 «Ambisjonen om å involvere hele leseren. Om barnelitteraturens ressurser og sanseappell». Kristin Ørjasæter, direktør for Norsk Barnebokinstitutt.
11:00 EG ER EG ER EG ER – Korleis skrive og formidle lyrikk til barn og ungdom? Ruth Lillegraven i samtale med Petra Helgesen

11:40 LUNSJ

12:30 Møt festivalforfattaren. Bjørn Sortland fortel om eige forfattarskap
13:00 Skeiv litteratur for barn og unge – finst det og trengst det? Kristin Fridtun

13:40 KAFFIPAUSE

13:50 Tid for ti – nasjonal leseaksjon for elevar på 7. trinn. Ole Ivar Burås Storø, Foreningen !Les
14:30 Hopp i det! – Barnebokbad. : Pål Brekke Indregard i samarbeid med Foreningen !Les  om korleis metode og filosofiske samtalar med barn kan leggja grunnlaget for gode forfattarbesøk i skulen

15:10 SLUTT

 

Fredag: Barnehageseminar
Kvifor og korleis driva med språkstimulering og litteraturformidling i barnehagen i område der nynorsk er opplæringsmål i skulen? Det får du vita om du deltek på barnehagedagen under Falturiltu. Du får òg mange nyttige tips frå dei ni kommunane som har delteke på Nynorsksenteret sitt pilotprosjekt Nynorske lesefrø.

Program:
10.00 Opning.
10.15 Forfattar Anna Rommetveit Folkestad les for barnehageungar og oss
10.30 Nynorsk i barnehagen. Kvifor og korleis? Eli Bjørhusdal frå Høgskulen i Sogn og Fjordane
11.30 Språkløyper på nynorsk. Elisabeth Brekke Stangeland og Thomas Hammerø frå Lesesenteret i Stavanger

12.00 Lunsj

12.45 Forteljingar frå pilotkommunane
13.30 Kva er kvalitet i barnelitteraturen? Samtale mellom festivalforfattar Bjørn Sortland og litteraturvitar Petra Helgesen
14.15 Forteljingar frå pilotkommunane

15.15 Slutt

 

Festivalen samarbeider med Sunnhordland Museum, Stord folkebibliotek, Høgskulen Stord/Haugesund, Biblioteka i Sunnhordland, Nynorsksenteret, Bømlo kommune, LNK, Pirion, Foreningen !Les, SILK, bLEST og Stord Mållag.

 

Relaterte innlegg