Hopp til innholdet

Nytt opptak til Nettstudiet i samtidslitteratur for barn og unge

Foto: Unsplash

Vi tek opp studentar til Nettstudiet i samtidslitteratur for barn og unge våren 2022, med oppstart 29. august 2022.

Samtidslitteratur for barn og unge er ei heilt nettbasert vidareutdanning for lærarar, bibliotekarar og andre litteraturformidlarar, og kan gjennomførast ved sidan av jobb. Studentane lærer om dei sentrale tendensane innan eit breidt mangfald av litteraturformer. Forvent å lære om alt frå nye teikneserieromanar til berekraftstematikk i litteraturen. Studentane får tett veiledning, forutan dialogiske og fleksible arbeidsformer. Studiet kan justerast etter den einskilde sine behov for fagleg fordjuping. Studiet har eit gjennomgåande formidlingsperspektiv.

Søknadsfrist er 1. mai 2022

Studiet er leia av fagleiar Øystein Espe Bae, og han har med seg lærar og kursutviklar
Liv Marit Weberg, med fleire.

Studiet gir stønad hos Statens Lånekasse for utdanning. Les meir om studiet her

Har du spørsmål? Kontakt:

Øystein Espe Bae
Fagleiar for nettstudiet i samtidslitteratur
oystein.bae@barnebokinstituttet.no
994 93 932

Ellen Aagaard
Administrasjons- og studieleiar
ellen.aagaard@barnebokinstituttet.no
Mobil: 984 01 829




Relaterte innlegg