Laster Hendelser

« All Hendelser

Kurs for forfattarar: Ut av boka – inn i rommet

2. november3. november

kr700

Falturiltu og Norsk forfattersentrum presenterer:

UT AV BOKA – INN I ROMMET

Å FORMIDLE LITTERATUR I DKS

Tid: laurdag 2. – søndag 3. november, 2019.
Stad: Stord kulturhus
Pris: 700,-

Har du lyst til å formidle litteraturen din til barn og unge? Den kulturelle skulesekken opnar mange moglegheiter for forfattarar. Men korleis komme i gang, og korleis lage ein såkalt litterær produksjon?

Dette kurset vil gi deg idear til korleis du kan lage ein produksjon basert på boka di og korleis du kan søke støtte. Du vil også få konkrete tips til sjølve formidlingssituasjonen – korleis får du kontakt med elevane? Kurset vil sjå på muligheter og rammer omkring formidling i DKS og vil dele tankar om litteraturformidling, utan å ende opp med det eine svaret – for det fins ikkje!

FØRSTE DAG

Første del: Innsirkling 

  • Kva er eigentleg ein produksjon?
  • Kva kan formidlast? (Boka, prosjektet, universet, forfattarskapen … osv.)
  • Kven skal formidle? (Forfatteren ålene, saman med andre eller la andre formidle?)
  • Kven skal jeg formidle til?
  • Korleis formidle? Kor stort er det litterære formidlingsrommet?
  • Andre muligheter: Litteraturmøter, skrivekurs og et utvalg hybrider … (eksempler)
  • Argusauge på Litteraturformidling – nokre linjer/funn/tankar frå NBI sitt forskningsprosjekt.
  • Forfattar Ingelin Røssland snakkar om sine erfaringar frå vegen, og deler tankar om formidling i framtida.

Andre del: Mi formidling

  • Kursdeltagerne har med ein idé eller eit prosjekt som dei vil formidle. Dialog om muligheter og begrensningar og kva for valg ein bør ta.

ANDRE DAG

  • Så langt kom eg – presentasjon av arbeids-/tankeskisse for eige formidlingsprosjekt.
  • Ettersnakk. Tankar om det me har sett og lært.
  • Reint praktisk:
    • Rettigheter
    • Budsjett/økonomi
    • Søknaden. Kulturtanken og søknadsportalen.

Kurset vert leia av Widar Aspeli som har brei erfaring med formidling av eigen forfattarskap og som litteraturprodusent i TuO, der han har ansvar for litteraturformidlinga i DKS i Hedmark.

Ingelin Røssland debuterte med Viss du vil i 1998. For Handgranateple i 2006 blei ho tildelt Sunnmørsprisen og Uprisen. Ho har også motteke Sigmund Skard-stipendet, Guro Sandsdalens litteraturpris og Falturiltuprisen. Bøkene hennar er omsette til tysk, fransk, engelsk, færøysk og dansk.

Påmelding

Detaljer

Start:
2. november
Slutt:
3. november
Kostnad:
kr700
Hendelse Kategori: