Hopp til innholdet

Årboka Litteratur for barn og unge 2006

untitledPer Olav Kaldestad og Karin Beate Vold (red.)

Samlaget 2006

No skjer det noko i barnelitteraturforskinga! Fleire unge forskarar er i gang med nye og spennande prosjekt ved fleire forskingsinstitusjonar i landet, og eit knippe av desse har fått plass i årets utgåve av Årboka. Litteratur for barn og unge.

Anna Beate Storm-Larsen ser på korleis barne- og ungdomslitteraturen blir motteken, og tek for seg skrivemåtar og kommunikasjonsformer hos klassikaren Tormod Haugen. Får vi ei barnleggjering eller ei vaksengjering av litteraturen, spør Åse Marie Ommundsen. Ho viser korleis grensene mellom barne- og vaksenlitteraturen blir viska ut i nyare barne- og ungdomslitteratur. Anne Skaret utforskar omgrepet ”fleirkulturell barne-og ungdomslitteratur” og Siri Odfjell Risdal tek for seg korleis røynda vi lever i avteiknar seg i det litterære språket. I årets forfattarportrett snakkar Hilde Hagerup om skrivearbeidet og synet på unge jenter.

Årboka innheld dessutan artiklar av Harald Bache-Wiig, Rolf Romøren og Einar Økland og personlege essays av Iben Sandemose, Arne Svingen og Bjørn F. Rørvik. I årbokas faste kritikarinnslag sørger Agnes Bjorvand og Morten Haugen for å løfte interessante nye titlar og trendar fram i lyset.

For bestilling: kontakt Det Norske Samlaget

Relaterte innlegg