Professor Nina Goga er tildelt FoU-prisen 2016 ved Høgskolen i Bergen

Ho får prisen for forskinga si som plasserer henne internasjonalt som ein av Nordens og fagfeltets fremste barnebokforskarar. Prisvinnaren har ei fleirfagleg orientering mot forskingsfeltet og er særleg oppteken av feltets berøringspunkt mellom allmenn litteraturvitskap, danningsteori og kunstfagdidaktiske problemstillingar, skriv Høgskolen i Bergen på sine nettsider.

nina-2

Foto: Lisbeth A. Heilund

Goga si forsking er nært knytt til undervisnings- og utdanningsoppåver ved Høgskolen i Bergen og juryen anerkjenner henne for hennar forskingsbaserte undervisningsmåte.

Inkluderande og delande professor
Juryen grunngjev tildelinga med at Goga har betydeleg erfaring som forskingsleiar og med utvikling av større forskingsprosjekt. Ho har eit breitt fagleg nettverk, både nasjonalt og internasjonalt, og prisvinnaren blir trekt fram som ein person med ei inkluderande og delande haldning, som også kjem ferske forskarar og nytilsette ved høgskulen til gode. Les meir på Høgskolen i Bergen sine nettsider

NBI gratulerer!

 

Les meir om Gogas pågåande forskingsprosjekt Nature in Children’s Literature

Les også: Barnelitteraturens lammende naturidyller, Bergens Tidende 6.11.2016

 

 

Relaterte innlegg