Anja Dahle Øverbye, månadens illustratør i juli & august 2018

Utsnitt frå omslaget til Hundedagar av Anja Dahle Øverbye

Anja Dahle Øverbye (f. 1981) bur og jobbar i Oslo. Ho har dei siste fem åra jobba hovudsakleg med teikneserieromanar, og var med å starte Blokk Forlag saman med Ingrid Flognfeldt Brubaker i 2016. I sommar er ho månadens illustratør ved instituttet.

– Kvifor teiknar du?
– Eg har alltid teikna, og det blei veldig fort ein del av identiteten min. Så det var aldri eit valg eg tok, det liksom berre «er sånn». Å teikne er min måte å fortelle historier på, og det kan ligge så mykje i ei enkel teikning. Ei stemning, ei historie, ein bodskap. Ellers så teikner eg berre for å slappe av og kose meg. Eller som terapi. Då eg vaks opp var hobbyane mine å teikne og lese bøker. Eg synes det er veldig fint at det er det eg jobbar med no; det samme som eg var oppteken av som seksåring. 

– Fortel om korleis du jobbar – frå idé til ferdig illustrasjon
– Først så er det mykje skissing og notater om stemninga eg vil ha fram. Eller notatar som handlar om teknikk eller fargebruk. Eg noterer ned mykje i starten. Så kjem det ein del skisser, der det er mykje dårlig, men og ein eller anna brukbar detalj. Så er det berre å finslipe på den gråsteinen til det kjem noko bra. Det kjem jo litt an på kva eg lagar, og kva den endelige illustrasjonen skal være. Med teikneseriar er det mindre skissing, og meir rett på. Er det ein illustrasjon som skal stå for seg sjølv, krevar den meir arbeid. Teikneserieruter lener seg meir på kvarandre, og er sann sett lettare å jobbe med. 

– Kan du fortelle litt om teknikken din, og om korleis du har kome fram til denne streken?
– Eg jobbar i hovudsak med blyantskravering, og dette har vel kome ut frå den gleda eg alltid har hatt for teikning. Då eg byrja å teikne teikneseriar for fem år sidan hadde eg ein meir minimalistisk strek, så har den stilen eg bruker no vekse fram organisk i løpet av den tida. No er streken min ganske metta og meir rufsete, med meir detaljar, og eit litt meir «vaksent» uttrykk. Eg brukte litt tid på å kome dit, men no føler eg at eg har ein strek som både fungerer til det eg vil uttrykke, og som fungerer bra i teikneseriesamanheng. Det vil seie at den er nokonlunde rask, trass i detaljrikdomen. Det eg treng er ein 5B-blyant, viskelær, knetgummi og ein type papir som eg kjøper på Norway Designs. That’s it. No har eg jo variasjonar ettersom kva eg jobbar med, og eg kjem til å integrere meir fargar i arbeidet mitt framover. Det gjer eg då i hovudsak digitalt. 

– Vil du seie noko om kva du arbeider med no?
– Eg jobbar med ei bildebok for born, der eg både skriv og illustrerer. Eg tar inn teikneserieelementer der og, men det er i hovudsak ei bildebok. Det er gøy å gjere noko anna ein rein teikneserie, sidan eg akkurat har gjort ferdig ein omfattande teikneserieroman som tok meg tre år å gjere ferdig. I bildeboka vil eg leike meg enda meir med formatet, og inkludere fargar. Det er veldig gøy, og sjølv om eg berre er på manusstadiet, så har hovudpersonen blitt veldig levande for meg.
– Eg har og byrja å notere ned idear til ein sci-fi-teikneserie med klare referansar til psykoanalysen. Det prosjektet er eg veldig peppa på, men det er heilt i startgropa enno, og sånn sett eit overskuddsprosjekt mellom alt anna. Eg likar ideen om å blande noko nytt i framtida med eldre element (Ikkje det at psykoanalysen er utdatert, men her snakkar me draumetyding og ei tett lesing av Freud). Ei god historie handlar om folk, uansett om den er sett i middelalderen eller i framtida. Det rundt er ei kulisse som kan sette premissane for ei historie, men til sjuande og sist må leseren ha karakterar og situasjonar å relatere seg til. 

– Du har nyleg blitt forleggar. Kva er ambisjonane for forlaget, Blokk?

– Det viktigste med Blokk er at me som driv det skal ha det gøy! Me gir i hovudsak ut teikneseriar og fanziner, men me er opne for det meste, i grunn. Me gir vel rett og slett ut det me synes er fint, og satsar på prosjekt som gjer oss gira. Det skal være leik og moro, og målet vårt er å ha ein katalog som bugner av forskjellige uttrykk og medium. Etter sumaren ligg fokuset på ein teikneserieantologi, ein rein teikneserie og ei fotobok.

– Kva og kven inspirerar deg i arbeidet ditt?
– I tegneseriearbeidet mitt blir eg inspirert av film og bøker, rett og slett andre typer historiefortelling. I film ser eg mykje på sceneovergangar, bildeutsnitt etc. Så det går mest på det tekniske, kanskje.
– Når det kjem til det teiknetekniske blir eg fort inspirert av å sjå arbeidet til andre, gjerne på Instagram eller Pinterest. Då kan eg komme på ein ny teknikk eller måter å uttrykke ei stemning. Eller noko så enkelt som korleis rutene er fordelt i ein teikneserie. Eg blir og veldig inspirert av kunstnerisk arbeid der ein kan sjå prosessen eller mennesket bak. At det ikkje er for glatt eller polert. Eg kan og bli veldig gira av rare historier eller fakta. Akkurat no jobbar eg med ei kort teikneseriehistorie om ei ulykke i England i 1845, der ei bru kantra på grunn av ein klovn. Slike ting. 

– Er det nokon bildebøker du hugsar spesielt frå barndomen?
– Som alle andre som var born på 80-talet, så må eg trekke fram I morgentåkedalen (Jan Deberitz og Ronald Jakobsen (ill.) red. anm.). Den sitt framleis i mellomgolvet. Eg blei lest mykje for, og den boka eg hugsar best er Paraplytreet av Beate Audum (som kom i Bokklubbens barn). Mamma las den for meg fleire gongar, og eg hugsar så godt omslaget på boka, og den stemninga det bildet ga meg. Men den teikneserien eg hugsar best er ei Donald-bok om Donald som er fjellklatrar. Eg har eit minne av at eg sit i barnehagen og les den sjølv, og då var eg berre fem år. Eg las mykje sjølv, eg blei lest for av foreldra mine til eg var tenåring, også hadde eg verdas beste bibliotekar på bokbussen (som no er nedlagt! Det gjer meg forbanna, men det er ei anna sak). 

Se meir: Anja Dahle Øverbye / Blokk forlag

Relaterte innlegg