Hopp til innholdet

Ruth Lillegraven: Skogen den grøne, Samlaget

I Ruth Lillegravens andre diktsamling for barn tar eit ungt, namnlaust og litt usikkert eg lesaren i handa, og saman vandrar vi innover i skogen den grøne, bort frå foreldre, bort frå byliv og mas. Stien vi følgjer «…går inn/ i ei stillare/ mjukare/ verd». Rundt oss pulserer og lokkar naturen, og årstidene skiftar fargar og stemning. Dikta kan lesast av store og små. Heile tida er det barneblikket vi følgjer; tett på vegetasjon, dyr og insekt. Tekstane er handgripelege og verknadsfullt repeterande. Samtidig opnar dei for undring og refleksjon og for ei tankeflukt innover i den barnlege eventyrverda. Lauvet på bakken lyser som gullmyntar. Hare, frosk og ekorn lokkar oss vidare. Blikket følgjer strevet til mauren og sommarfuglens svev. Leikande poetisk og lett strekar teksten opp bilde på kvar side, til kvart vers. Dei abstraherte illustrasjonane til Mari Kanstad Johnsen diktar vidare på teksten med omriss av dyr og inderlege stemningar, eit oppslag for kvar årstid.

Relaterte innlegg