Nettstudiet i samtidslitteratur for barn og unge har fått NOKUT-godkjenning, og kan no gi 30 studiepoeng

–Gjennom det siste året har vi lukkast med å etablere studiet som eit relevant vidareutdanningstilbod, så no var det viktig at studiet fekk offentleg godkjenning, seier prosjektleiar Øystein Espe Bae.

 

Stor interesse

Studiet er ei nettbasert vidareutdanning på deltid som er meint for formidlarar som arbeider med barne- og ungdomslitteratur, til dømes i bibliotek, skule eller media.

– Vi opplever ei stor interesse for studiet så langt, og det er viktig at vi no held fram satsinga og fremjar studiet som eit fleksibelt og relevant vidareutdanningstilbod for formidlarar over heile landet, seier Espe Bae.

Første kull starta opp hausten 2014 med 30 studentar og langt fleire søkarar.
– Barne- og ungdomslitteraturen endrar seg like fort som kulturen og den teknologiske utviklinga, og den store interessen for dette utdanningstilbodet viser at formidlarar ser det som viktig å kople seg på tendensar i samtida, seier Espe Bae.

 

Endringar i studiet

OYSTEIN ESPE BAE-1657-FOTOGRAF ANNE E S ENGER copy
Prosjektleder Øystein Espe Bae. Foto: NBI

For det neste kullet vil det skje ein del endringar med tanke på studiets struktur og oppbygging. Studiet vil no strekke seg over to semester, ikkje tre, og studiestart vil vere midt i januar.

–Vi har lyttta på tilbakemeldingane vi har fått så langt, og funne ut at ein noko meir konsentrert form på studiet er vegen å gå. I tillegg har vi gjort visse endringar i revidert studieplan basert på evalueringa frå årets studentkull, seier Espe Bae.

–Det er viktig å lytte på behova til målgruppene og å legge til rette for at ein kan ta studiet parallelt med jobb. Difor er arbeidsformene på studiet svært fleksible og asynkrone. Studentane har høve til å sjølv bestemme når dei ønsker å studere innanfor gitte tidsrammer, noko vi opplever som viktig for dei.

– Sjølv om studiet krever god eigeninnsats, er mange av undervisings- og arbeidsformene video- og dialogbaserte, slik at arbeidet på studiet er variert og motiverer til læring, avsluttar Espe Bae.

Søknadsfrist for studiet er 5. oktober 2015. Søknadsskjemaet på NBIs nettsider vil bli opna i august.