Prosjektleiar for NBIs nettbaserte undervisningstilbod

Foto: Privat

Øystein Espe Bae, (f. 1984), er tilsett som prosjektleiar for NBIs nettbaserte undervisningstilbod. Han har ein mastergrad i Nordisk litteratur frå NTNU i 2009, med ei oppgåve som tok føre seg identitetsomgrepet i Carl Frode Tillers Innsirkling.

Sidan då har han arbeidd som høgskulelektor på Høgskulen i Volda og på Nynorsksenteret, som norsklektor i den vidaregåande skulen, som redaksjonsmedarbeidar for Kunnskaps-departementets nettstad Minstemme.no, som frilansjournalist, og som bokmeldar og forlagskonsulent på barnelitteraturfeltet. Som prosjektleiar for Barnebokinstituttet skal han i 2014 planlegge og utvikle eit nettbasert undervisningstilbod om samtidslitteratur for lærarar og bibliotekarar.