Roman i ruter – kritikarseminar om den grafiske romanen 17. september

"Stumtjener" av Håvard S. Johansen. Foto: Jippi Forlag
«Stumtjener» av Håvard S. Johansen. Foto: Jippi Forlag

Onsdag 17.9 2014 kl 10.00-17.00 hos Norsk barnebokinstitutt

Den grafiske romanen tar stadig større plass i litteraturfeltet på same tid som den ikkje er særleg synleg i litteraturkritikken.  Derfor inviterer NBI til kritikarseminar om sjangeren. Seminaret rettar seg mot det breie kritikarfeltet; frå dei som skriv kritikk av barne- og ungdomslitteratur til kritikarar av vaksenlitteratur.

Målet med seminaret er å gjere kritikarar meir medvitne og kompetente til å vurdere tekst og bilde som ein heilskap, og slik gi dei både meir kunnskap og lyst til å gå kritisk laus på den grafiske romanen som sjanger.

 

 

 

 

PROGRAM

10.00-11.30 Erle Marie Sørheim: Frå julehefter til nettseriar – Hundre år med norske teikneseriar.

Sørheim vil gi ei litteraturhistorisk innføring og samtidsoppdatering på den grafiske romanen, og i tillegg snakke om kva som skjer innan litteraturkritikken av sjangeren.

11.30-12.30Lunsj

12.30-14.00Håvard S. Johansen: Om eige forfattarskap og den siste utgivinga si Stumtjener

14.30-17.00 Verkstad med Geir Moen
Seminaret er gratis.

Meld deg på, du som allereie er kjend med den grafiske romanen og du som er lysten på å tileigne deg kunnskap om sjangeren. Påmelding til: post@barnebokinstituttet.no innan 10. september.

Det er avgrensa med plassar.

Om bidragsytarane

Erle Marie Sørheim er litteratur- og teikneseriekritikar i Dagbladet og redaktør av det nye nettidskriftet om teikneseriar, empirix.no. Ho er i tillegg skribent og omsetjar og har nyleg omsett to barnebøker frå tysk som kjem til hausten. Til neste år er Sørheim aktuell med ein Berlin-guide.

Håvard S. Johansen (f. 1977) var i 2007 med på å starte Oslo Comix Expo. Saman med John S. Jamtli gav han i 2009 ut boka Anunnaki, og saman med Levi Henriksen og Øystein Stene laga han så stop. rec. ffwd. (2010). I vår er Johansen aktuell med boka Stumtjener på Jippi Forlag.

Geir Moen (f. 1976) har i tillegg til samarbeidet med Øystein Runde i teikneserien De fire store laga seriar for m.a. Tusj, Gorilla og Nemi, og har gitt ut albumet Blodøks saman med Morten Harper og Ghasp. Moen er òg ein populær kursholdar for barn og held teikneseriekurs rundt om i landet. I haust er han aktuell med ein teikneserieroman om Peer Gynt på Minuskel forlag.