Hopp til innholdet

Arbeidsoppgåver til Barne- og ungdomslitteratur. Møtet med lesaren

Detalj fra omslaget Barne- og ungdomslitteratur. Møtet med lesaren, Samlaget 2018. Omslag: Johanne Hjorthol

«Denne boka handlar om barne- og ungdomslitteratur, både den skjønne og den faglege, fiksjon og sakprosa. Ho handlar om kva barne- og ungdomslitteratur er, kva for tradisjon han står i, kva for medium han finst i, og korleis han fungerer i dag. Det handlar også om at litteratur er ei kunstform som i utgangspunktet inkluderer lesarane – både i konstruksjonen av innhaldet og gjennom ulike mediepraksisar.

Til dei som ikkje berre vil lese min tekst, men også jobbe vidare med denne måten å relatere seg til barne- og ungdomslitteratur på, vil eg foreslå følgande arbeidsoppgåver og tankeeksperiment. »
–Kristin Ørjasæter

 


[accordion][accordion-item title=»Kapittel 1, Den autonome hovudpersonen»]

Kapittelet viser korleis moderne barnelitteratur er basert på idear frå opplysningstida på 1700-talet og den etterfølgjande romantikken om det autonome subjektet. Det individuelle barnet er sett i sentrum for handlinga, og til og med små barn blir framstilte som sjølvstendige, kompetente individ, som har ei konstruktiv og handlekraftig tilnærming til dei ulike utfordringane dei blir utsette for.

Tenk på den barne- og ungdomslitterære boka du las sist. Korleis er hovudpersonen skildra? Får hovudpersonen ting til å skje? Kor sannsynleg er det at ein verkeleg person ville hatt ei tilsvarande handlekraft? Kvar er dei vaksne?

Finn fram tilfeldige døme frå ein barneroman, ein ungdomsroman, ei bildebok og ein teikneserie. Studer hovudpersonanes sjølvstende og handlekraft. Er det mediespesifikke skilnader på dei? Kva tenker du i så fall at det kan skuldast?

Kapittelet drøftar også den autonome hovudpersonen i eit kjønnsperspektiv, som gjorde seg gjeldande frå andre halvdel av 1800-talet. Kva for kjønn er det på hovudpersonane i dei fire eksempla du nettopp har studert? Har dei kjønns-spesifikke særtrekk? Kva seier dei om ideala i den tida som tekstane er skrivne i?

Kjenner du nokre heltinner frå nyare barne- og ungdomslitteratur? Kva er det  for eigenskapar som gjer dei til heltar? Er jentene sine helte-eigenskapar annleis enn gutane sine? Kva for samanheng er det mellom helte-eigenskapar, litteratur og samfunnsideal?

[/accordion-item]

[accordion-item title=»Kapittel 2, Å nærme seg barnelesaren – det performative barneperspektivet»]

Kapittelet viser at barneperspektivet blei utvikla under den litterære modernismen, da litterær subjektivitet vart utforska. Barneperspektivet bidrar til at kommunikasjonen mellom forfattar, tekst og lesar blir opplevd som ein horisontalt retta tiltale. Sjølv om forteljarstemma kan ha ein vaksen sin evne til å tale klart og samanhengande om komplekse ting, er perspektivet i pakt med hovudpersonen. Derfor vil lesaren sjå det same som hovudpersonen. Hovudpoenget i dette kapittelet er å forklare korleis lesaren blir instruert til å sjå det litterære universet som eit barn (det gjeld også om lesaren er vaksen) og appellere til at lesaren fyller ut framstillinga med sine eigne erfaringar. Slik gir barneperspektivet også unge lesarar ein posisjon som subjekt i framstillinga.

Finn fram ei tilfeldig barne- og ungdomsbok. Les dei tre-fire første sidene og spør deg sjølv kven du ser det fiktive universet saman med. Korleis påverkar dine erfaringar forståinga di av det fiktive universet? Er det nokre kjensler involvert? Kva nytte har du av dine eigne tidlegare kjensleerfaringar i opplevinga di av hovudpersonens kjensler og forståinga di av kven hovudpersonen er?

Finn gjerne fram tekstar som har ulike typar til hovudpersonar, som kosedyr, dyr, småbarn, store barn og ungdom. Er det skilnad på korleis du bidrar til å framstille deira erfaringar? Kva nytte har du av at du er vaksen? Korleis trur du at eit barn vil framstille dei same karakterane?

[/accordion-item]

[accordion-item title=»Kapittel 3, Tekstbaserte medium og sjangrar»]

Kapittelet legg vekt på å forklare korleis skrift aktiverer lesaren til å konstruere kausalitet og forteljing. Førestillinga om at litteratur er bøker, er knytt til papirteknologiens dominerande posisjon. Kapittelet viser at denne teknologien sine moglegheiter har forma forståinga av kva for verkemiddel barne- og ungdomslitteratur er bygd opp av: skrift og bilde. Dei har ulik funksjon seg imellom i ulike medium, men i tekstboka er det skrifta som har funksjonell dominans, bilda illustrerer. Det meste av barne- og ungdomslitteraturen er utvikla til tekstbokmediet, og forma i sjangrar som til dømes kapittelbøker, lettles-bøker, barne- og ungdomsromanar, eller sakprosa. Kapittelet presenterer dei mest sentrale sjangrane og forklarer korleis sjanger handlar om å opprette ein kontrakt med lesaren om korleis innhaldet skal oppfattast. Fiktive og ikkje-fiktive sjangrar blir behandla parallelt, i barnelitteraturen er det nemleg ikkje alltid så store forskjellar mellom dei «skjønne» og dei «sanne» framstillingsmåtane. I dag vert mange tekstar også ut gjevne ut som e-bøker. Dei fleste slike, har nett same teksten som papirbøkene. Men den digitale teknologien gjer det mogleg å berike teksten med fleire filer av ulikt stoff, til dømes tidsliner og fotografisk materiale. Berika e-bøker kan utdjupe den faglitterære framstillinga eller forankre den skjønnlitterære fortellinga i verkelegheita. Kapittelet diskuterer også serielitteratur og tekstar som ungdom skriv sjølve, så kalla fanfiksjon.

Har du lest Emil i Lönneberga (1963) eller ein av dei andre bøkene om Emil? Det heiter at han kjem til å bli borgarmeister når han blir vaksen. Kvifor oppfattar du likevel ikkje Emil i Lönneberga som ein biografi, men snarare som ein serie med tre barneromanar? Eller kanskje du tenker at dei er kapittel-bøker (eller ein fiktiv tv-serie)? Kva er det som styrer forståinga di av teksten? Kjenner du andre tekstar som er forma på same måte? Kva har din tidlegare erfaring med sjangeren lært deg om korleis innhaldet skal oppfattast?

Les dei to-tre første sidene av Emil i Lönneberga. Konsentrer deg om forteljarstemma. Korleis styrer den deg til å tenke at Emil er fiktiv? Kva rolle har teikningane? Ville du tenkt annleis om teksten i staden var illustrert med fotografi? Når du lyttar til teksten som lydbok, og ikkje har bilde å sjå på, korleis blir du inkludert i framstillinga? Tenk også igjennom korleis ein berika e-bok-versjon eventuelt kan styrke fortellingas dokumentariske kontekst? Skriv gjerne vidare på fortellinga om Emil sjølv, til dømes kva han gjer på som tenåring, eller korleis han blir vald til borgarmeister.

[/accordion-item]

[accordion-item title=»Kapittel 4, Visuelle medium og sjangrar»]

Kapittel 4 presenterer dei mest sentrale visuelle barne- og ungdomslitterære medium og sjangrar. Kapittelet viser utviklinga av visuell litteratur, drøftar verkemiddel og viser korleis bildebøker, teikneseriar, applikasjonar og spel på ulike vis skaper leseaktivitet og tildeler publikum ein individuell subjektsposisjon.

Finn fram ei ny og ei litt eldre bildebok. Studer relasjonen mellom verbaltekst og bilde i dei. Kan verbalteksten stå åleine? Korleis får bilde-oppslaga deg til å konstruere handling? Kva er skilnaden på korleis den nye og den gamle bildeboka framstiller handlinga? Korleis påverkar i så fall det leseaktiviteten?

Barnelitterær sakprosa vert ofte gjeve ut i bildebokformat. Finn fram ei slik bok, til dømes Magnus Holm og Rune Markhus si Gogolplex. Verdens største tall? (2017). Skriv gjerne ei melding av boka der du drøfter korleis bildebokmediet påverkar saksframstillinga, vendinga mot lesaren og utforminga av lesekontrakten.

Finn fram ein teikneserieroman, til dømes ein frå Amuletten-serien. Om du berre les bilda, og gløymer verbalteksten, kor mykje vil du da forstå av innhaldet? Legg merke til korleis blikket ditt beveger seg mellom rutene for å utforme kausalitet dei imellom. Er det nokon av personane du følger tettare enn andre? Kvifor interesserer du deg for den personen? Kva med verbalteksten, kva for funksjon har den? Og kva for undersjanger av teikneserieromanen vil du plassere Amuletten-serien i?

Les bildeboka Den lille larven aldri-mett. Last ned ein applikasjon frå det same universet. Kva for forteljingar er det som blir framstilt?  Studer kor likt eller ulikt lesaren blir aktivert i dei ulike framstillingane. Eller les bildeboka Hvordan gikk det? Boken om Mymlen, Mummitrollet og lille My ([1952] 1957) og last ned bildebokapplikasjonen Hur gick det sen? og studer leseaktiviteten i dei ulike versjonane.

[/accordion-item]

[accordion-item title=»Kapittel 5,  Leik, interaktivitet og kunstoppleving»]

Kapittelet viser korleis leiken pregar barne- og ungdomslitteraturen i ulike medium, og korleis lesar, spelar og tilskodar blir engasjerte til å delta i det litterære universet på ulike måtar. Lesaren blir inkludert ved å leve seg inn i hovudpersonen og gi hovudpersonen liv. Spelaren speler ut hovudpersonen, mens tilskodaren lever seg inn i eit univers som har sitt eige liv på scena, eller på skjermen. Kapittelet tar også for seg den nære relasjonen mellom leik, lesing og kunstoppleving.

Barnelitteratur er skapt med tanke på å bli lesen av menneske som leiker. Det pregar formspråk og motiv. Sjå til dømes Alice Lima de Farias Fuglefesten (2017). Beskriv leik-motivets framstilling og funksjon i verbaltekst og bilde. Drøft også korleis barnelesaren vert inkludert i utforminga av fortellinga. Er det gjennom innleving eller utleving eller andre former for deltaking? Korleis bidrar Fuglefesten til ny leik? Korleis ville forteljinga tedd seg som ein teikneserie? Ville det gitt lesaren ein annan form for deltaking? Kva om det var eit teaterstykke eller ein animasjonsfilm? Drøft publikumsrolla i dei potensielt ulike versjonane.

[/accordion-item]

[accordion-item title=»Kapittel 6, Om Brune og kvalitet»]

Avslutningskapittelet er ei oppsummering av det som er sagt i dei tidlegare kapitla, men no med ei tydeleg vektlegging av kvalitetskriterium. Barn og unge fortener god barne- og ungdomslitteratur, og ambisjonen med kapittelet er å gi nokre tydelege retningsliner for korleis ein kan vurdere kva som er godt. Kort sagt handlar det om korleis teksten relaterer seg til den barne- og ungdomslitterære tradisjonen og nyttar mediet og sjangeren sine moglegheiter til å aktivere lesaren.

Brune er av Håkon Øvreås og Øyvind Torseter er frå 2013. I 2015 fortsette Håkon Øvreås og Øyvind Torseter på serien då dei gav ut Svartle, og i 2018 gav dei ut Blåse. Meldaren Anne Cathrine Straume har innvendingar til Svartle (sjå: https://www.nrk.no/kultur/bok/anmeldelse-av-svartle-av-ovreas-og-torseter-1.12514772), men er meir begeistra for Blåse (lytt til: https://player.fm/series/nrk-bok/vel-blast-begeistring-for-barneboken-blase). Meldaren Guri Fjeldberg omtaler Blåse som en snedig barneroman (sjå: http://www.barnebokkritikk.no/snedig-barneroman-om-korrupsjon/#.WqAFU-jOXmE). Kva meiner du om heile serien: Brune, Svartle og Blåse? Sett opp nokon tydelege kvalitetskriterier og drøft kor vidt kvar av dei er gode barnebøker og om du vil seie at dette er ein god serie.

Det er mange som lyttar til lydbøker. Denne serien finst som lydbok i tillegg til som tekst og e-bok, men eg har ikkje sett nokon melding av lydbøkene, ikkje av e-bøkene heller. Kvifor blir ikkje lydbøkene og e-bøkene vurdert, trur du? Kva meiner du om kvaliteten på lydbøkene og e-bøkene i denne serien?

[/accordion-item]

[accordion-item title=»Tillegg, Rammevilkår for barne- og ungdomslitteratur i Noreg»]

Heilt til slutt i boka kjem det ei rask oversikt over tilstanden for barne- og ungdomslitteratur i Noreg i dag: kor mykje som blir gitt ut, kva som blir gitt ut, og dei statlege rammevilkåra for slik litteratur i dag. Tala er frå 2015. Dersom du vil vite meir om utgivingane og få nyare tal kan du sjå dei årlege oversiktene her: https://barnebokinstituttet.no/statistikk-for-barne-og-ungdomslitteratur/.

Om lag 60 % av bok-utgjevingane er omsett litteratur. Det blir årleg omsett frå om lag 15 ulike språk, men det er alltid ein stor overvekt av omsettingar frå engelsk (om lag 70 %). Kva tenker du om det? Drøft fordelar og ulemper.

[/accordion-item][/accordion]