Hysj!

Skrevet av Kari Oddrun Rimmereid, student ved NBIs nettstudier i samtidslitteratur for barn og unge

-Uroa ikkje!

Det er ei som les. Ei jente på 12 som er heilt oppslukt av boka. Ho ligg langflat på golvet og les. Ho les i ei heilt ny bok utgjeven i 2017. Ho les Hysj! av Magnhild Winsnes. Og det er det eg vil. Få barna til å lese. Eg er leselærar. Det er mitt ansvar å få barn til å bli gode lesarar. Dei skal lese for å meistre kvardagen. Dei skal lese for få gode resultat på nasjonale prøvar. Dei skal lese for livet. Og ansvaret er mitt. Men korleis skal eg klare å få barna glade i å lesa? Korleis skal eg finna dei rette tekstane? Korleis gje barna ei drivkraft til sjølv å vilja lesa, utan at det er lekser med mas og krav?

Filosofen John Locke sa allereie på 1600-talet at skulle ein skape leselyst hos barn, måtte lesestoffet tilpassast barna. Sjølve teksten og språket må ein meistra. Skal ein bli glad i ei bok, trur eg òg at det må vera ei grad av gjenkjenning. Det kan vera miljøet som vert skildra, problemstillingar, personar, hendinger, sorg eller humor – men noko må ein finna som gjer gjenklang i ein sjølv. Gleda ved å kjenna seg att, trur eg kan skapa leseglede. Og eg trur at barn og unge kan finna denne attkjenninga i ny litteratur skriven av forfattarar som kjenner samfunnet i dag.

Boka Hysj! er ei grafisk bok. Eg har lese mange teikneseriar og biletbøker, men denne sjangeren er ny for meg. Her er det bileta som fortel handlinga, skildrar miljøet og kjenslene. Teksten berre underbyggjer handlinga gjennom lydmalande ord og direkte tale i snakkebobler. Slik eg opplever det, er barn i dag svært visuelle, dei tek mykje inn gjennom film og dataspel. Eg kan tenkja meg at dei vil lika – og kjenna seg att – i denne forteljemåten.

Maria Parr vender seg mot same aldersgruppa (10 – 12 år) i boka Keeperen og havet. Her er det orda som lagar bileta i hovudet til lesaren. Med sitt ledige og lette språk vil barn på bygda kjenna seg att i miljøet som vert skildra. Alle barn kan kjenna seg att i relasjonane til familie og vener, vala ein står ovanfor, tankane som må tenkjast for å finna sin eigen identitet og for å forstå vaksenverda. Parr skriv på nynorsk med eit munnleg preg, og med ord barn sjølv brukar. Det er kvardagslivet med sine opp- og nedturar som vert fortald, med humor og spenning fortel ho, og fangar lesarane – barn av i dag:

Den store ferjebaugen såg ut som kjeften på eit uhyre. Eg var sikker på at det kom til å ende i katastrofe, og veiva desperat med armane. Endeleg tuta ferja og svinga unna. Takk og lov!
– Dei kan for søteren ikkje sitte og sove der oppe heller! Det hadde vore rimeleg skandale om
dei køyrde på oss! brølte Lena. Ho hytta med neven og var så rasande at eg skjøna ho også
hadde vore skikkeleg redd.

I mi rolle som leselærar har eg eit mandat. Formålsparagrafen for opplæring og Læreplanverket for grunnskulen seier at eg skal gje elevane leselyst, gje dei eit breitt spekter av tekstar, eit variert utval av eldre og nyare tekstar, ulike sjangrar og ulike media, ulike typar tekst på skjerm og papir. Elevane skal rett og slett lesa ofte og mykje. Eg skal opne dører mot verda og framtida og gje elevane historisk og kulturell innsikt og forankring. Så eg har plikt på meg til både å formidle dei gamle klassikarane og den nyare litteraturen.

Eg er redd for at det har blitt mykje av det gamle. Det er så lett å ty til det ein har erfaring med at barna likar. Grufulle hekser med Roald Dahl og fantastiske eventyr med Astrid Lindgren. Her eg bur på Voss trekkjer me gjerne fram Per Sivle, både det dramatiske livet hans og Berre ein hund. Og visst kan barna kjenna seg att i naturen, lokale stadnamn og kjenslene for hunden. Men språket vert gjerne framandt. Det er mange ukjende ord sjølv i nyare utgjevingar som kan gjera innhaldet vanskeleg å fatta, i alle fall om barna skal lesa teksten sjølv. Skal barn få leselyst, må dei få møta eit språk dei kjenner.

Eg har tru på at nyare litteratur lettare kan motivera til meir lesing. Når barna kjenner att sitt eige kvardagsliv, meiningar og haldningar i samfunnet av i dag, vil gjerne tekstane engasjere meir.

Nye medium skapar nye forteljemåtar, og me må ta i bruk den nye teknologien i formidlinga av litteratur. Barn er fortruleg med og manøvrerer lett i den digitale verda. Kanskje vil dei lesa bøker av papir, etter at dei har møtt figurar og spennande forteljingar i film eller dataspel.

Eg har høyrt det vert sagt at lesinga blomstrar mest der elevar og formidlarar utvekslar leseerfaring og inspirerer kvarandre. Elevar som får høyra om nye bøker, les stadig meir. Ein slik formidlar har eg lyst å vera! Mi rolle er å vekkja interesse for ny litteratur. Ta ein småprat og koma med tips. Men hysj!

Uroa ikkje! Der sit to jenter og blar i ei bok. Dei knitlar og ler. Dei deler ei bok og ei leseoppleving. Dei les i ei heilt ny bok.

Hysj!

Relaterte innlegg