Hopp til innholdet

Falturiltu inviterer til todagars seminar om barne- og ungdomslitteratur 5.-6.11

Falturiltu inviterer til todagars seminar om barne- og ungdomslitteratur. Du kan melda deg på ein av dagane, eller begge. Dei som blir over frå torsdag til fredag kan også få med seg vaksenbokkveld med Ragnar Hovland og romandebutant Synnøve Macody Lund!

FalturiltuSjå heile programmet for Falturiltufestivalen 1.-7. november.

Merke

 

 

 

 

 

 

 

 

Høgskolen Stord/Haugesund, Rommetveit, 05.11.15

Fart og sjølvtillit

Program
08:30 Kaffi, te, registrering
09:00 Opning. Direktør ved HSH, Tage Båtsvik ønskjer vel møtt. Musikalsk innslag.
09:30 Maria Parr
Mammutspor i sjela – om heltar og heltinner i barnelitteraturen.
Årets festivalforfattar fortel om si eiga litterære danningsreise.
10:15 Pause
10:30 Øystein Espe Bae
Tendensar i nynorsk samtidslitteratur for barn og unge
Øystein Espe Bae (f. 1984) arbeider på Norsk barnebokinstitutt som prosjektleiar for studiet Samtidslitteratur for barn og unge (nettbasert vidareutdanning). Han er styremedlem i Foreningen god kritikk, som er med på å driva Barnebokkritikk.no.
11:15 Lunsj
12:30 Opera: Tonje Glimmerdal.
13:15 Rune Belsvik og Hans Sande
Å utvida grensene for det sømelege i barnelitteraturen
Innleiingar og samtale
Belsvik vil særleg ta utgangspunkt i Tjuven (2008) og
Verdas søtaste turist (2014) og Sande i Elefantevangeliet (1999) og Pappa er sjørøvar (2011)
15:00 Slutt

Seminarleiar: Per Olav Kaldestad
Seminaravgifta på 300 kroner inkluderer lunsj, kaffi/te og frukt.
Meld deg på ved å fylla ut skjemaet som ligg her

 

Kulturhuset, Leirvik, 06.11.15
Slikt som ungdomen likar

På denne delen av seminaret fokuserer me på litteraturformidling for ungdom, og vil lytta til erfaringar frå ungdomen sjølv og lærarane deira, i tillegg til profesjonelle formidlarar. Ungdomsskulane i Stord kommune har i tida fram mot Falturiltu arbeidd med å laga eit litteraturarrangement der dei sjølve styrer programmet. Dei har lese tekstar av Rune Belsvik, Tor Arve Røssland og Bente Bratlund, og intervjua forfattarane om det dei har lese. På denne seminardagen viser dei fram noko av det dei har jobba med, og fortel om erfaringane sine, på godt og vondt.

Program
08:30 Kaffi, te, registrering
09:00 Slikt som ungdomen likar
Janne Karin Støylen frå Nynorsksenteret har skrive masteroppgåve om kvalitet i ungdomslitteraturen, sett frå ungdomens synsvinkel. Kva legg ungdomane sjølve vekt på, når dei skal vurdera kvalitet i bøkene dei les?
Nynorsksenteret har også utdanna eit kull lesegledarar, som formidlar nynorsk litteratur til barn og unge. Lesegledar Trond Strand blir med til Stord, og presenterer ny litteratur som fyller kvalitetskriteria som Janne Karin har snakka om.
10:30 Elevar frå Nordbygdo ungdomsskule dramatiserer Verdas mest forelska par av Rune Belsvik
Nina Meldahl Olsen, lærar på Nordbygdo ungdomsskule fortel om prosessen
11:15 Lunsj
12:00 Elevar og lærarar frå Nysæter ungdomsskule fortel om formidlingsprosjektet sitt
12:30 Elevar og lærarar frå Stord ungdomsskule fortel om formidlingsprosjektet sitt
13:00 Slutt

Seminaravgift: 200,- Påmelding

 

Museumshallen, Sunnhordland museum, 05.11.15, kl 19.30
Vaksenbokkveld

Synnøve Macody Lund debuterer med roman i haust, medan ringreven Ragnar Hovland har eit hav av bøker å ausa frå. Gå ikkje glipp av denne sjansen til å sjå dei begge på same scene!
Stord mållag er vertskap for vaksenbokkvelden under Falturiltu. Her kan du møta andre litteraturinteresserte, og det blir høve til å kjøpa noko å drikka.
Billettar her

 

Relaterte innlegg