Hopp til innholdet

Ordet er fritt: Når einkanalssamfunnet no ligg bak oss, kva då?

  • av

 

Ragnfrid Trohaug er forlagsredaktør i Samlaget og barne- og ungdomsbokforfattar.

Eg skal ikkje påstå at alt var betre før, at biblioteket var større, bøkene meir fullendte og ungane klokare. Men det var lettare før; anten las ungane eller så gjorde dei det ikkje, og anten hørte dei på tid for bok, eller så slo dei ikkje på radioen.

Ein hadde oversikt i dette einkanalssamfunnet; visste at Agnes Cecilia var noko alle barn som hørte Lørdagsbarnetimen fikk med seg, og nesten alle barn hørte på radio laurdag klokka fem, eller ein visste at dei halvstore ungane hadde fått med seg både Kjære Timo, Mercedes og andre knakande gode ungdomsromanar, fordi dei var heime etter skoletid og låg på varmekablane på badet og lytta på Ungdommens Radioavis og Tid for bok.

 

Kvar ein barnebokredaktør og barnebokforfattar veit, utan å spørre, at Michael Ende, Frances Hodgson Burnett og Roald Dahl var dei som utvida verda for ungane i nyare gamledagar, alt ligg der som meir eller mindre tause referansar i samtalen, men ingen er nokon gong i tvil om at dette er det felles grunnlaget vi snakkar utifrå. Ikkje minste visste ein kva som var godt og dårlig, det høge og det låge var kategoriane ein hadde for handa og brukte til inndeling.

Alt var ikkje betre før, men det var som sagt kanskje lettare. Det er på mange vis meir utfordrande å skrive, utgi og formidle barne- og ungdomslitteratur i dagens verd, der syttitalets heilmjølk og skummamjølk er blitt til heil- skumma-, lett- og ekstralett, og på toppen av det heile er det to ulike produsentar av alle desse mjølketypane.
Lesaren har aldri vore ein konstant storleik, det har alltid vore variasjon i kva han liker eller ikkje liker, men ein visste alltid kva lesaren hadde fått med seg på vegen av høgt og lågt, såpass oversikt hadde ein, ein visste om lesaren hørte til her eller der, og ein visste kva ein skulle meine om høgt og lågt.
No trur ein kanskje at eg vil dra ein Brian Mikkelsensk konklusjon, den danske kulturministeren som innførte litterær kanon i skoleverket, som eit mottrekk mot det heterogene samfunnet Danmark etterkvart er blitt. Men nei, det vil eg slett ikkje.
Det er frydefullt at lesarane ikkje har hatt ei og same lesaroppleving og at lesaropplevingar er så mangt. Det skaper eit enda større spelerom for forfattarar og forleggarar enn tidligare, da litteraturen var delt i høg og låg og dermed punktum. Litteraturen kan potensielt romme og blande så mye meir.
Men dette krev mye av litteraturprodusentane, og ikkje minst av formidlarane rundt omkring; korleis skal ein forstå ein litteratur som ikkje er så lett å dele inn i kunst eller kommers, men som blandar element frå begge leirane? Korleis vurderer og formidlar ein den grafiske romanen eller lettlesboka? Går det an å bruke kjente parameter for å vurdere om ei bok, eller eit skjønlitterært produkt for barn/ungdom held vatn? Eller må ein berre halde kjeft og håpe på at verda fell tilbake til det gamle, kjente?
Det er ingen tvil om at heterogeniteten, blandinga av høgt og lågt, det ureine, er kome for å bli. Difor er det er på tide at alle vi som opererer i fagfeltet: produsentane, formidlarane, lærarane, har ei felles forståing av denne meir uoversiktlige situasjonen. Eit stykke barnelitteratur er ikkje berre ei bok lenger, det er ei lydfil, eit spel, ei interaktiv bildebok på Ipaden, og felles for alle sjangrane er at dei har produkt som blandar høgt og lågt, blandar stilartar og stilnivå.
Meir enn ein gong har eg hørt forfattarar og formidlarar seie vi må ha kvalitet i barnelitteraturen. Og det er umulig å vere ueinig i, sjølvsagt skal vi ha kvalitet! Problemet er når ein går fråsegna etter i saumane og forstår at i denne forståinga av kvalitet ligg det ofte ein definisjon og ei forforståing av kva kvalitet er; kvalitet blir ofte brukt synonymt med kunstboka, ei smalare utgiving. Dette kan ikkje vere det verkelige kvalitetskriteriet: skal ein snakke om kvalitet, må ein snakke om kvalitet innanfor sjangaren som boka er skrive i.
Er det ei god diktsamling for ungdom vi har framfor oss? Er ho vellykka i forma, eller er ho ikkje? Fyller spenningsserien forma si på ein tilfredsstillande og elegant måte, er det ei god seriebok som treff sjanger-planken? Lesaren har endra seg dei siste tretti åra, og det litterære produktet likeins.

I framtida vil vi sjå skjønlitterære forteljingar både i papirbokform, som interaktiv hypertekst, Ipad-applikasjonar og audiovisuelle opplevingseventyr. Den unge lesaren kjem til å vere på alle desse ulike plattformene og papirboka vil kanskje vere det mest eksotiske for denne lesaren. Då er det avgjerande at litteraturprodusentane, formidlarane og forskarane er i stand til å analysere og språkliggjøre desse nye uttrykka, på nye måtar og med nye omgrep og briller.For verda er ikkje delt inn i soss og frik og høgt og lågt lenger, og biblioteket er slett ikkje ein stad berre for støvete papirbøker. Heldigvis.

 

© NBI Publisert 23.september 2010

Relaterte innlegg

Stikkord: