Hopp til innholdet

Ande barnebok på innpust og utpust i eit heilt år

  • av

Av Maiken Nylund

Eg vart spurt om å skrive ei oppsummering frå året som har gått på Norsk barnebokinstitutt si forfattarutdanning. Klart!, tenkte eg, ingen problem. Å setje seg ned og plukke ut opplevingar var langt verre. Eg har vore med på så mykje, eg har lært så mykje. Dette året romsterar rundt i kroppen, i stor fart.

 
Eg har fått lov til å leve og ande for barne- og ungdomslitteraturen eit heilt år. Noko av det fantastiske med utdanninga er at den faktisk er plassert på Barnebokinstituttet, der det arbeider dyktige menneske som kan sitt fag og som villig deler med seg alt av kunnskap og erfaringar.
At eg som ynskjer skrive for barn vert teken på alvor. At litteraturen for barn- og ungdom vert teken på alvor. At auga og sinn verkeleg har opna seg for barnelitteraturen og formidlinga rundt den.
Skriveverkstad er noko av det me har jobba mest med dette året. Ulike oppgåver i alt frå å skrive om skorne våre til å skrive fram eit biletbokutkast. Tolv studentar om kvar si skrivebok. Tolv ulike tekstar, tolv ulike stemmar.
Skriveverkstad, som har gjort at me på utdanninga sit igjen med nok erfaring til å planlegge og gjennomføre eit skrivekurs for barneskulen, i den bolken som er merka litteraturformidling. Parvis fekk me lov til å utarbeide den planen me ville bruke på dei ulike klassetrinna der me var utplassert. Samla reiste me til Lillehammer under litteraturfestivalen og hadde kvar vår fantastiske oppleving ved å sjå planane verte sett i rørsle av elevane me møtte.
Frå Dramatikkens Hus har me fått innføring i dramatikk, monolog og dialog av Ragnhild Mærli. Noko av det eg hugsar veldig godt var då ho tok oss med på ei reise der me fekk lese eit manuskript og vidare sjå det i handling på scenen. Det vert interessant å sjå korleis våre tidlegare skriveoppgåver med dialog kjem til å verte tolka av skodespelarar til hausten. Det gler eg meg til, og eg tykkjer det er bra at instituttet og Dramatikkens Hus har slikt eit tett samarbeid.
 
Ein annan ting og heilt avgjerande for meg, er måten utdanninga er lagt opp. Samlingsbasert med ein torsdag, fredag og laurdag i månaden. Slik kan eg bu og jobbe på ein heilt annan kant av landet, berre med småpendling til Oslo. Samlingane er korte og intense og i heimeperiodane jobbar ein sjølvstendig med teoretisk og skjønnlitterært pensum samt innsendingsoppgåver.
Til våren 2011 vert det opptak til nytt kull. Eg gler meg til neste skuleår. Meir skriving, meir teoriforedrag og skjønnlitterær lesing i bredt utval, meir forfattarbesøk og litteraturformidling.
Kort sagt; meir av alt!
God sommar!

 

Relaterte innlegg