Hopp til innholdet

Å klatre over veggen mellom bøkene og lesarane

Skrevet av Ingrid Senje Rasmussen, student ved nettstudiet i samtidslitteratur for barn og unge

Ingrid Senje Rasmussen

Ingrid Senje Rasmussen, foto: privat

Hei! seier eg. Kan eg hjelpe deg? Eg har sett at han har stått gøymt i det inste hjørnet i barneavdelinga, dratt ut bok etter bok og lest bakpå. No snur han seg mot meg, seier han leiter etter ei bok til ein gut på ni, seier: Har du noko på tilbod?

Som bokhandelmedarbeidar opplever eg at det finst to typar barnebokkjøparar. Dei som er reelt interesserte, som er på leiting etter bøker som kan få barna til å opne auga for bøkene si verd. Dei som treng forslag til bøker barna kan kjenne seg att i, som kan konkurrere med iPaden, som kan utfordre grensene eller lære dei nye ting. Og så er det den andre gruppa: dei som berre vil bli ferdige. Det er flest av dei siste. Besteforeldre, onklar eller familievennar på jakt etter ei gåve til eit barn dei ikkje eigentleg kjenner. Travle foreldre som treng lesestoff til barna i ferien. Dei som blir nøgde om eg tilrår ei samlepakke med barnebokklassikarar. Eller den nyaste boka til Jeff Kinney. Ei bok som finst i pocket, som har lite tekst, som står utstilt i hylla for Topp 10. Eller kanskje aller helst, slik at dei går nøgde ut av bokhandelen og føler at dei har gjort eit godt kjøp: ei bok som er på tilbod.

Som bokhandelmedarbeidar kjenner eg det som mi oppgåve å forsøke å bringe utfordringar og nye impulsar til også desse barna. Men ofte blir ikkje råda mine høyrt på. Det kan kjennast som å klatre opp ein glatt betongvegg å forsøke å tilråde dei bøkene som ikkje ligg i stablar på borda, dei som står einsame i hyllene og må kjøpast til fullpris. Dei bøkene som handlar om noko trist eller vanskeleg, som er lågmælte i bodskapen sin, eller som utfordrar lesarane til å tøye grensene sine. Bøker som ikkje har vore omtalt i Dagbladet eller er skrivne av ein kjendis, kan trenge meir hjelp enn det eg kan tilby som bokhandelmedarbeidar. Kven skal sørgje for at desse bøkene når fram til lesarane?

Men korleis veit ein kva som er bra?

Ei av utfordringane til barne- og ungdomslitteraturen handlar om synlegheit. Det er lett å ty til dei bøkene ein kjenner frå før viss ein ikkje veit så mykje om dei nye. Og det er ikkje så lett å orientere seg i barnebokverda no som omtalen og kritikken av barne- og ungdomsbøker har forsvunne ut av avisene.

Ein av plassane som framleis tek god barnelitteratur på alvor er nettsida Barnebokkritikk.no, der eg også jobbar som bokmeldar. Ofte kjennest det som ein merkeleg rollekombinasjon. For Barnebokkritikk løftar ikkje berre fram dei gode bøkene, dei skriv også strenge omtalar av dei svakare. Likevel er eg glad og takksam for å få skrive for dei. For sjølv om eg ikkje synest det er kjekt å skrive dårlege meldingar av bøker for unge lesarar, og sjølv om eg alltid hukar meg litt ned viss eg ser forfattarane eg har meldt bøkene til, meiner eg at jobben vi gjer er viktig. Fordi eg synest barn fortener like gode og gjennomarbeidde bøker som vaksne lesarar. Og fordi eg meiner at barne- og ungdomslitteratur fortener den same respekten og kritiske handsaminga som annan skjønnlitteratur. Det inneber å stille dei same kvalitetskrava, men sjølvsagt på andre premiss.

Men kven les meldingane?

Å skrive kritikk av bøker for barn og ungdom er likevel ei lite takksam oppgåve. For det er jo ikkje til å stikke under ein stol at barnebokkritikken har eit målgruppeproblem. Sjølv om det er barn som skal lese bøkene eg melder, er det ikkje barn ~om skal lese meldingane. Og i nitti prosent av tilfella: ikkje foreldra deira heller. I ei ideell verd ville meldingane på Barnebokkritikk.no nådd direkte ut til dei som kjøper bøkene. Dei som kjenner sine eigne barn aller best. Slik er det diverre ikkje.

Ofte kan veggen mellom den kvalifiserte kritikken og kjøparane i butikken kjennest veldig høg. Heldigvis er eg ikkje aleine om å prøve å overkorne den, det finst andre som også klatrar. Eller som finn andre vegar fram til lesarane, utan å gå omvegen om foreldra og bokhandelen. Det finst dei som held seg oppdatert.på kva som går føre seg på barne- og ungdomsfeltet, som les meldingar og omtalar med eit kritisk blikk, som alltid er på leiting etter dei gode, nye bøkene og lesarane dei kan hamne hos. Som kan snakke så engasjert om barne- og ungdomsbøker at kven som helst vil få lyst til å lese dei. Det er bibliotekarar, det er skulebibliotekarar og lærarar, det er forfattarar på skuleturne. Det er dei viktige hjelparane til både barna og litteraturen. Du ser dei ikkje så ofte, men du veit at dei er der, og eg vil gjerne vere ein av dei.

For iblant blir dei synlege i bokhandelen også. Når den usikre faren står med Håkon Øvreås’ og Øyvind Torseters Brune i den eine handa og den nyaste boka i Jørn Lier Horsts Detektivbyrå nr. 2 i den andre. Når sonen hans kjem springande frå leikehylla og drar han forsiktig i armen, ropekviskrar: Ja, pappa, vi tar Brune! Den las vi på skulen! Då smiler eg litt for meg sjølv og tenkjer at kanskje den veggen ikkje er så høg likevel, når det finst
litteraturformidlarar med stige.