Eg les berre om eg må

Skrevet av Siv-Merethe Hatlem, student ved NBIs nettstudier i samtidslitteratur for barn og unge

Ein av dei første gangane eg som bokpratar utsendt frå biblioteket drog på klassebesøk med sekken full av bøker, prøvde eg freidig å starte økta med å stille tenåringane spørsmålet: Kven likar å lese bøker her? Eit tjuetals augepar stirra oppgitt på meg. Ingen hender i veret. Opptakta til den neste skuletimen var sett, og det på verst tenkeleg måte.

Lesemotstand og konkurranse om tid

Siv-Merethe Hatlem, foto: privat

Alle klassar har dei. Desse som har hatt dårlege leseopplevingar, og som har bestemt seg for at bøker er kjedelege og noko ein må tvinge seg gjennom i skulen. Kanskje har dei hatt dårlege erfaringar med tekstar dei har møtt tidlegare. Kan hende er lesevanskar til hinder. Nokre har truleg aldri hatt eit forhold til lesing i fritida. Vi veit òg at i våre dagar brukar unge mykje av fritida si på skjermaktivitetar, fleirfaldige timar, og bruken er aukande iflg. Ungdata. Det seier seg sjølv at det vert lite tid til andre aktivitetar. Dessutan krev bøker tid og ei langsam rytme og står i nokså skarp kontrast til internett, film, dataspel og sosiale medium som opptek ungdom i dag.

For meg synast det opplagt at bøkene og lystlesinga sin plass må styrkast, særleg i skulen der ein i større grad kan styre tidsbruken til unge. Min påstand er at dersom vi klarar å finne den rette inngangen til kvar enkelt, kan vi bygge ned lesemotstanden og skape fleire fritidslesarar.

Litteratur som speglar samtida

Det er heilt avgjerande å gje unge reiskapar for å kome inn i lesinga. Dei som sjeldan les har større behov for å bli motiverte gjennom bøker som talar til dei personleg, gjennom bestemde sjangrar eller innhald. Språk, tempo, tone, handling, bakgrunnsteppe – er alle element som gjer at litteratur i dag kan kjennast framand om den ikkje skildrar livet som vi kjenner det.

I boka Sveiseblink av Helene Guåker vert vi introduserte for ein ungdomskultur som tek opp typiske tenåringsspesifikke tema som skuletrøyttleik, forelsking, bilkøyring, fest, damer. Boka skildrar også familieforhold og sorg over tap. Handlinga er lett å leve seg inn i og følast nær gjennom miljøskildringane, dialektbruk, karakterane og tematikken. For mange elevar vil for eksempel rånemiljøet vere attkjennande og kunne bidra til at ein føler tilhøyrsle.

Litteratur med illustrasjonar

Barn og unge forheld seg til det visuelle som aldri før. Kanskje er eit svar på dette at stadig fleire bøker som tradisjonelt har presentert rein tekst, no vert utsmykka med illustrasjonar for å lokke til seg fleire lesarar. Desse teikningane er likevel i ein heilt annan klasse enn det estetiske utrykket ein finn att i teikneserieromanar. Her er tekst og bilete meir jamstilte som handlingsdrivarar. Nettopp ei slik form å lese på kan appellere til unge lesarar.

Teikneserieromanen Hysj, av debutanten Magnhild Wisnes, er eit godt døme på korleis bileta hjelp lesaren inn i historia, samstundes som han sjølv må tolke fordi det ligg ein undertekst i teikningane. Wisnes si bok vil eigne seg særleg godt til jenter som står på terskelen til å gå inn i ungdomsåra, men også til eldre ungdom og vaksne som lett kjenner att den prøvande tida i oppveksten. Illustrasjonane er enkle, men uttrykksfulle, og klarar å formidle ulike nyansar av stemninga på kvart oppslag. Det er minimalt med tekst, og det som er, består av dialog og lydhermande ord, nokre oppslag har berre illustrasjon nettopp fordi ord vert overflødig. Boka innbyr også til fleire lesingar, og gir nye oppdagingar ved kvar gjennomlesing. Biletbøker og teikneseriar kan senke terskelen for å bearbeide leseopplevinga, fordi mykje av dagens kulturformidling skjer gjennom biletbruk og er eit språk mange unge lettare kan forstå.

Å tilby nye bøker

Tilbake til klassebesøket. Læraren fortalde at ho nok kom til kort når ho skulle tilrå bøker for klassen sin. Eg forstår ho godt, det kjem nye titlar i stort monn kvart år. Å orientere seg i nye bøker, klare å sortere og tilrå rett bok til kvar og ein, det krev utvilsamt mykje tid, vilje og innsats. Men det gir også nyttig innsikt i kva det vil seie å vere ung i dag.

Eit manglande fokus på ungdomslitteratur i aviser og tidsskrift gjer at informasjon om nye titlar vert snevrare og vanskelegare å få kjennskap til. Som forelder eller lærar, kan den lettaste løysinga vere å ty til ei bok ein sjølv kjenner frå eigen barndom. Sjølv om klassikarar kan vere store leseopplevingar og også må viast tid i den rette konteksten, må vi vere merksame på at det har hendt mykje sidan vi sjølve var barn.

Når vi veit at mange ungdommar vil kjenne seg att, klare å identifisere seg med karakterane som vert skildra, auke forståinga til omverda og knyte det til sitt eige liv, krev det at vi byr på bøker som er skrive i tida vi lev i her og no. Det krev at vi gjer oss kjende med ny litteratur som eignar seg for målgruppa, stadig formidlar og gjer den tilgjengeleg. Som litteraturformidlar er det difor flott å kunne tilby ei hjelpande hand. Og heldigvis rapporterte læraren om fleire elevar som lånte av titlane som vart presenterte. Barn og unge treng nemleg å møte den nye litteraturen for å halde på og stimulere leselysta. Boka kan vere ei sunn motvekt til prestasjonsjaget ungdom møter, og til den alltid tilkopla kvardagen dei er vane med. Som ein verdifull aktivitet og nyttig reiskap til ro og refleksjon i ei uroleg verd.

Relaterte innlegg