Hopp til innholdet

Er serialiseringa av barnelitteraturen så ille då?

av Roger Dyrøy

Serialiseringa av barnebokfeltet er ikkje noko nytt fenomen. Det nye er kan hende dei store mengdene med seriar som kjem ut. Men er ikkje det viktigaste at borna får leseglede, og er seriane nøkkelen til denne?

BakteppeRoger Dyrøy

Kva seriar hugsar eg best frå min eigen barndom? Det var Hardyguttene, Fem-serien, Davy Crockett serien, Indianarbøkene til Ellis og Cooper. Det var også John Donner-serien, som ei norsk motvekt til Hardyguttene og det var Oldemor-bøkene til Ingvar Moe og truleg mange fleire. Men felles for dei alle er at det er ikkje ei av dei som sit att som BOKA. Ingen av dei gav ei skjelsetjande historie som prega meg for livet.

Men dei var alle med på å gje leseglede og auka lesefarten. Det var dei som gjorde at eg stolt kunne koma heim med ein berepose med bøker frå biblioteket, og vita at eg alle ville vera lesne i til neste gong. Når seriane tok slutt fekk bibliotekaren min meg til å lesa ei rekkje andre bøker, som var langt meir interessante og fengande, som opna augene for at det fins mange skattar utanom seriane og som utvida den litterære smaken.

Notid

Tal frå bibliofil.no syner at over  var 90% av dei  mest lånte titlane for born er serielitteratur. Kva ligg bak desse tala?  Ein veit at mengda utgjeven serielitteratur aukar. Og med så mange seriar å velja i veit eg frå eigen arbeidskvardag at det lettaste når ein lesar er ferdig med ein serie, er å pensa han over på ein ny.

På den måten vert tala sjølvforsterkande. Men er det det vi burde gjera? Det var ikkje det bibliotekaren på mitt barndoms bibliotek gjorde. Han pensa meg over på annan litteratur.

Dårleg litteratur?

På 1990-talet kom serien Grøsserne, som borna elska men som mange slakta for sin dårlege kvalitet og kommersialitet. Denne serien fekk mange born, på det biblioteket eg då jobba på, til å lesa masse. Serien fenga, og gav leseglede. «Det er ikke en gang sikkert det er feil med dårlig litteratur så lenge den får barna til å lese og gir dem gode boklige opplevelser» seier Gro Dahle til Nationen[1] då serien var på sitt mest populære.

Kva er det som er «dårlig litteratur»? Det er alt for mange born som har blitt møtt med at det dei les er «dårlig litteratur», og på den måten mista lesegleda. Gro Dahle seier i intervjuet at kvaliteten ikkje nødvendigvis må bli dårleg sjølv om bokserien er masseprodusert. Ho har eit poeng der, og norske forlag har ein kvalitetskontroll i innkjøpsprosessen sin også.

Nøkkelen

Så er det kvalitet i botnen av seriane, og dei fengar borna slik at dei les enno meir, så er vel ikkje serialiseringa av barnelitteraturen så ille. Vi må slutta sjå på dei som utelukkande negative! Eg hadde aldri vore den lesaren eg er i dag dersom eg ikkje hadde funne gleda i seriebøkene.

Slike seriar sel seg nesten sjølve, men vi som formidlar må stå klare med bokskattane som ikkje er i seriar den dagen borna er ferdige med ein serie. Vi treng ikkje pensa dei over på ein ny! Seriane er ein stor nøkkel til leseglede og bokverda elles. Den må vi bruka.

 

Les mer om nettstudiet i samtidslitteratur for barn og unge.

 

[1] http://www.nationen.no/tunmedia/skrekkelig-populaere/

Relaterte innlegg