Har du ei god bok til meg?

Skrevet av Ann-Kristin Hovstad, student ved NBIs nettstudier i samtidslitteratur for barn og unge

Dette spørsmålet får vi fleire gongar gjennom ein arbeidsdag på folkebiblioteket. Det er eit fint spørsmål, men samtidig eit vanskeleg spørsmål. Kva er ei god bok for den lånaren som står fram for oss? Det er eit spørsmål som skal møtast med respekt, og takast på alvor, enten personen er 6 år eller 96 år.

Kulturfondordninga gir biblioteka ei unik sjanse til å vise fram ny norsk litteratur for både barn og vaksne. Ordninga gjer at biblioteka kan tilby lånarane eit breitt utval bøker av norske forfattarar innan mange ulike sjangrar, bøker til både ettertanke og underhaldning.  Til dømes kom det både biletbøker, bøker for mellomtrinnet og ungdomstrinnet som handla om flyktningstraumen i Europa, på kulturfondet i 2017.  Det er dessverre få av desse titlane på lista over dei mest utlånte bøkene i biblioteka. Her har vi ein jobb å gjere!

Den godt vaksne lesaren har gjerne ei klar meining om korleis den gode boka skal vere. Lånaren har ofte ei lang lesarhistorie med seg som vi byggjer vidare på for å finne den gode boka for denne lesaren.

For barna kan det vere annleis. Av og til kan dei ha lyst på ei bok til i ein serie dei held på med, men andre gonger veit barnet berre at det vil ha ei spennande bok

Når vi snakkar litt med barna om kva dei har lyst til å lese oppdagar vi ofte at dei har lyst på bøker der dei kan kjenne seg att. Enten det er i handlinga eller i miljøskildringane. Eller kanskje dei har bruk for å drøyme seg vekk saman med hovudpersonane i bøkene. Då eg las biletboka  Det er ein elefant i barnehagen til ei gruppe barnehagebarn, kvitra ein av gutane: «Akkurat slik er det barnehagen vår også – men eg trur ikkje det er ein elefant bak sofaen vår…». Han uttrykte glede over den kjende situasjonen ispedd skrekkblanda fryd over at det faktisk kunne vere ein elefant i hans barnehage også. Mystisk og spennande samtidig som det er gjenkjenneleg for dagens barnehagebarn.

Men kva med klassikerane? Når eg les Ishavspirater av Frida Nilsson, tenkjer eg at denne må eg hugse å vise til alle dei som er glad i Brødrene Løvehjerte. Ikkje for at dei skal slutte å lese Brødrene Løvehjerte og dei andre forteljingane til Astrid Lindgren , men kanskje dei vil like Ishavspirater også? I tillegg til å vere ei stor eventyrforteljing formidlar denne noko om overflodssamfunnet mange av oss lever i i dag. Det å kjenne klassikarane gir verdifull kunnskap og innsikt i ei anna tid, men samtidig er det viktig for barna å kjenne ny litteratur frå eiga samtid. Dei nye bøkene frå  Harry Potter via Gutta i trehuset til Amuletten gir barna felles referanserammer. Barna kan delta i dei same litterære samtalane. Skal det dukke opp nye klassikarar må vi som lesarar gi dagens forfattarar ein plass!

Barna vel ferske bøker. Utlånsstatistikken for 2017 viser at det er dei nyaste bøkene som vert mest utlånt. Av dei 100 mest populære barne- og ungdomsbøkene på arbeidsstaden min er det berre bøkene om Bø og Bæ som er frå før år 2000. Det kan det sjølvsagt vere fleire grunnar til, men vi ser ofte at når barna plukkar bøker er omslaget og framsidebildet avgjerande for om boka vert med heim eller ikkje. Dei gamle bøkene vert raskt sortert vekk. Barna er vande med å orientere seg i ei medieverd kor illustrasjonar er viktige.

Lærarar stiller ofte spørsmålet: «Har du ei god bok til høgtlesing i klassa mi?» Det er viktig for læraren at boka fengjer heile klassa, men for nokon er det nesten like viktig at den er skrive på nynorsk. Keepern og havet, som kom i 2017, var ei bok som skulane hadde venta på, og gleda seg til. Den kombinerer forteljarglede, god nynorsk og hovudpersonar som det er lett å identifiserer seg med.

Det som gjer bøkene til Maria Parr så populære her hos oss, er måten ho skildrar både eit landskap, eit samfunn og eit miljø som barn og vaksne kjenner seg att i. Ho skildrar kjensler og kvardagar på ein måte som er naturleg for barna i dag, enten det gjeld glede, frustrasjon eller sorg. Maria Parr skriv samtidig eit nynorsk som ligg nærare opp til talemålet vårt enn fleire av dei eldre bøkene på nynorsk. Særleg viktig er Maria Parr sjølvsagt i kommunar med nynorsk som hovudmål.

Språket i samtidslitteraturen er ofte lettare å lese for ferske lesarar, og det er med på å gi barna våre eit rikare og meir variert språk. Både eit større ordforråd og større grammatiske variasjonar enn det dei får gjennom daglegtale. Både Lena frå Keeperen og havet og Siri frå Ishavspirater er gode språklege førebilete for kvar si målform.

Still spørsmålet «Har du ei god bok til meg?» til bibliotekarane Noreg rundt. Ver open for å prøve noko nytt. Då kan det oppstå magiske møte mellom bok og lesar.

Relaterte innlegg