Hopp til innholdet

Med biblioteka inn i framtida: Gode tilbakemeldingar frå biblioteksektoren om nettstudiet

I slutten av mars haldt NBI innlegg om det nye nettstudiet i samtidslitteratur på Det 74. norske bibliotekmøte i Trondheim. Det nye studiet, som rettar seg mot bibliotekansatte, lærarar og kritikarar, startar opp frå hausten. I Trondheim fekk målgruppene moglegheit til å orientere seg og til å kome med innspel inn mot studiets studieplan og undervisningsplan.

Fra Bibliotekmøtet i Trondheim. Foto: NBI/Øystein Espe Bae

Fra Bibliotekmøtet i Trondheim. Foto: NBI/Øystein Espe Bae

– Vi fekk gode tilbakemeldingar på studiet, og har tatt høgde for mange av dei behova som kom til overflata. Ut frå responsen vi fekk verkar som det er stor interesse for akkurat denne typen fleksible og nettbaserte vidareutdanningstilbod, seier prosjektleiar for studiet, Øystein Espe Bae.

– Med den nye formålsparagrafen for biblioteka, og dei mange endringane som skjer i litteraturen for barn og unge i dag, er det fint å kunne tilby eit studium som går i djupna på det nye, og som dei tilsette i biblioteka etterspør, seier NBIs direktør Kristin Ørjasæter.

Fleksibelt

Deltidsstudiet i samtidslitteratur strekker seg over tre semester, og er meint å vere utfyllande og supplerande til meir omfattande studietilbod frå andre læringsinstitusjonar, då studiebelastninga berre er ein tredel av eit vanleg fulltidsstudium.

– Meininga er at studiet skal vere såpass fleksibelt at ein kan kombinere det med fulltidsjobb. Det tredje og siste semesteret, som handlar spesifikt om formidling av ulike typer litteratur, legg vi til rette for at studentane skal gjennomføre eit formidlingsprosjekt med utgangspunkt i sin individuelle arbeidssituasjon, anten ein har biblioteksbakgrunn, arbeider som lærar eller kritikar, forklarar Espe Bae.

Se foreløpig studieplan
Søknadfrist er 1. juni
Søk på studiet her!

Relaterte innlegg