Nyare litteratur for barn og unge. Er det så viktig, då?

Skrevet av Ida Karin Aarflot Kornberg, student ved NBIs nettstudier i samtidslitteratur for barn og unge

Kvifor er det eigentleg så viktig å formidle ny litteratur til barn og unge i dag? Er ikkje dei litterære klassikarane våre gode nok for dagens barn og unge?

Ida Karin Aarflot Kornberg, foto: Tone Solhaug

Vel ein å lese ein gamal barnelitterær klassikar til barn slår det sjeldan skeivt ut. Forteljingane har blitt utprøvd, lest, filmatisert og gjendikta, og er ofte kjernen i eit omfattande univers beståande av songar, musikalar, teater og fornøyelsesparkar for å nemne nokre. Vi veit at om ein fortel om Kasper og Jesper og Jonathan som skal ut å røve vil det falle i smak. Det er ein vellukka formular, så kvifor skal ein våge seg ut i ukjent terreng. Kvifor er det eigentleg så viktig å formidle ny litteratur til barn og unge i dag? Er ikkje dei litterære klassikarane våre gode nok for dagens barn og unge?

Det er lett å kvile på gode, gamle favorittar i barne- og ungdomslitteraturen. Tradisjonelle, stødige verk som held sine posisjonar år etter år. Vi som har vakse opp med desse klassikarane, kjenner oss som del av ein stor familie, eit fellesskap der kjennskap og erfaring med forteljingane gir oss eit felles referanseregister. Høyrer vi snakk om ein peparkakebakar eller Villekulla, gir det oss eit bilete med det same på grunn av forteljingane vi vaks opp med.

Dette er vel og bra, og det er viktig å ta med desse verka vidare, då dei er ein del av kulturarven vår, men like viktig er det å lyfte fram nye potensielle klassikarar. Det er mykje ny barne- og ungdomslitteratur av skyhøg kvalitet. Og ikkje minst handlar det om å gi yngre lesarar ei moglegheit til å bli kjende med og glede seg over nye forteljingar, skape leseglede og gi dei litterære erfaringar og kunnskap om sin samtidslitteratur. Dei gamle forsvinn ikkje av den grunn.

I moderne barne- og ungdomslitteratur gir forfattaren gjerne stor plass til barnet sine opplevingar og erfaringar, samt tankar og refleksjonar det gjer seg. Dette opnar for litterære forteljingar som har ein stor attkjenningseffekt på barn. Fjorårsutgivinga Keeperen og havet av Maria Parr er eit glimrande eksempel på litteratur som tek barnet og deira kjensler på alvor. Trille som blir bergtatt av den nye jenta i klassa, familiekranglar og venskap som blir sett på prøve, alt frå barnet sitt perspektiv. Eit anna viktig argument som talar samtidslitteraturen si sak er den dagsaktuelle tematikken. Vi kan sjå forteljingane som ei forlenging av aktuelle diskursar, som til dømes i Ishavspiratar av Frida Nilsson (2017) der kjærleik til familie, naturvern og dyrelivet står i høgsetet. Handlingane reflekterer gjerne, direkte eller indirekte, tidsaktuelle debattar i samfunnet som krinsar rundt barnet si rolle, miljø og så vidare.

Like viktig er det for barn å møte eit språk dei kjenner seg heime i. Eit tidsaktuelt språk som formidlar situasjonar og utfordringar, og som er utforma på barn sine premissar. Språk blir gjerne betrakta som ein av dei viktigaste identitetsskapande faktorane, nettopp fordi det er gjennom språket vi presenterer vår identitet (Mæhlum et al., 2014). Her er det også ein føresetnad at barn må få møte dei ulike skriftkulturane våra. Som formidlar av nynorsk barnelitteratur ser eg verdien av dette i arbeidet eg gjer. Også her er Keeperen og havet eit godt eksempel. For kva gjer det ikkje med sjølvkjensla til barn å sjå sitt skriftsspråk på trykk i verk som blir lyfta opp og hylla i heile landet. Og med eit språk som «No må de søren kverke meg vakne, der framme» viser ein barna at ein kan eksperimentere og lære gjennom leik med språk. Og det er ein lærdom vi som vaksne må verne om.

Som formidlar har ein eit ansvar, og ein kan ikkje snyte barn frå gode opplevingar med ny litteratur. I mange situasjonar held vi nøkkelen til porten som leiar dei inn i eit fantastisk litterært univers der nye og gamle forteljingar lever side om side.

Så om eg får spørsmålet ny barne- og ungdomslitteratur eller gamle klassikarar svarar denne formidlaren ja, takk. Begge delar!

Relaterte innlegg