Hopp til innholdet

Over 50 søkjarar til nettstudium i samtidslitteratur

I 2014 har NBI fått stønad frå Kulturdepartementet til eit nettstudium for bibliotektilsette, lærarar, kritikarar og andre i samtidslitteratur for barn og unge. Søknadsfristen til studiet gjekk ut 1. juni, og det har kome inn over femti søknadar fra ulike kantar av landet.  – Den store interessa viser at det er eit behov for denne typen nettstudier om barne- og ungdomslitteratur, seier studiets prosjektleiar Øystein Espe Bae.

Nettundervisning hos Norsk barnebokinstitutt

Studiet har som mål å styrke kunnskapen om ny barne- og ungdomslitteratur. Deltidsstudiet i samtidslitteratur strekker seg over tre semester, og er meint å vere utfyllande og supplerande til meir omfattande studietilbod frå andre læringsinstitusjonar, då studiebelastninga berre er ein tredel av eit vanleg fulltidsstudium.

– Meininga er at studiet skal vere såpass fleksibelt at ein kan kombinere det med fulltidsjobb. Det tredje og siste semesteret, som handlar spesifikt om formidling av ulike typer litteratur, legg vi til rette for at studentane skal gjennomføre eit formidlingsprosjekt med utgangspunkt i sin individuelle arbeidssituasjon, anten ein har biblioteksbakgrunn, arbeider som lærar eller kritikar, forklarar Espe Bae.

Studiets oppbygging

Foto: Microsoft Office online

Foto: Microsoft Office online

Nettstudiet er organisert i tre modular fordelt på tre semester.
Kvarr modul varer i 12 uker frå oppstart til avslutning av semesteret, inkludert eksamen.

Modul 1
Tendensar i samtidslitteraturen
Modul 2
Visuell barne-og ungdomslitteratur med fordjuping i visuell og digital litteratur
Modul 3
Formidling med fordjuping i praktisk formidling i bibliotek, skole eller litteraturkritikk
Sjå førebels studieplan
Spørsmål? Kontakt:

Øystein Espe Bae, prosjektleiar
Mobil: 994 93 932
oystein.bae@barnebokinstituttet.no

Relaterte innlegg