Sytten

Romanutdrag

Andrea Rudland Haave

Andrea Rudland Haave

Student ved forfatterutdanningen på bachelornivå 2019–2021

Andrea Rudland Haave (f. 1992) er skuespiller, formidler og lydbokinnleser. Hun kommer fra Kvam i Gudbrandsdalen og bor nå i Oslo. Andrea har medvirket i en rekke teater-, film- og TV-produksjoner. Hun utvikler også nye manus og formidlingsopplegg for friluftsmuseet Maihaugen på Lillehammer.

– Kor ung er du eigentleg? spurde han mjukt med ei stemme
eg seinare skulle tenkje på som foraktfull.
Sytten.

Då var det som det gløda i auga hans. Eg blei varm i andletet og sveitt i hendene. Eg kunne ikkje fatte at eg sto der. Skulle aldri sett meg på den trikken. Eg skulle aldri trykka på stoppknappen. Haldeplassar er farlege, ein bør halde seg langt unna dei. Dei fangar. Held deg fast så du berre blir ståande. Du står og står. Fastfrosen. Både livredd og oppglødd på same tid


Urokkeleg som ein moskus sto han der på trikkestoppet og venta. Beherska, kald. Den karakteristiske brune pelsen rakk han til skuldrene. Han strakk seg, gjorde seg høg og stor. Trippa på stive bein medan han strauk seg på brystet for å vise breidda si. Kongen av Dovrefjell.

Trikken stoppa. Eg reiste meg med auga fastfrose på det store dyret medan eg knuga hendene hardt rundt mobilen. Kva er det eg driv med? Vinteren håna meg idet eg gjekk av trikken. Kald snø piska meg i andletet og snøfokket øydela sikta, men eg kunne framleis sjå han. Han sto under det nedtægga taket på trikkestoppet ved Ekebergparken.

Eg bevegde meg sakte mot han. Som ein urokse står han av vinterstormane, tenkte eg. Uanfekta, avventande. Moskusfe kan oppfattast som godmodige og harmlause, men det er eit ytre som lyg. Dette er eit vilt dyr med ein uvanleg forsvarsstrategi. Tek du eitt skritt for mykje, så eksploderer moskusen. Det er slik den er. Den spring 100 meter på sju blank, ein har ikkje sjans.

Lukta av øl og sveitte kamuflert av sterk parfyme møter meg då eg gir han ein keitete klem.
– Hei, kjekt å sjå deg i verkelegheita, seier han. Veit aldri kven ein møter på den appen der.
Meir enn det seier vi ikkje før vi sit på Grønland, med for min del nervøse hender rundt eit glas med vin.

Han pratar. Pratar og pratar, og eg lyttar utan å lytte. Ler, nikker, retter på genser og hår. Er taus, eg som vanlegvis kan være småfrekk i kjeften og sjølvsikker. Han går rett i djupet. Ikkje noko fjas. Livet er ikkje for pyser, seier han og fortel om då han backpacka gjennom Asia og Sør-Amerika. Han blei nesten drepen, men det orkar han ikkje fortelje om. Hadde eg forresten høyrt om Lesula-aper? Den svært sjenerte og sårbare arten som var utryddingstrua.

Eg ristar på hovudet. Leste eg ikkje nyheiter? Nei, du er jo så ung, seier han i same setning og pratar vidare om dei ulike apetypane i Asia. Måten han snakka på, engasjementet, orda han brukte. Eg hadde aldri sett noko liknande. Aldri møtt nokon som han. Barsk og røff i kantane, men med eit hint av noko mjukt. Og det var nett denne mjuke sida eg skulle passa meg for.

Relaterte innlegg