I september 2014 startar Norsk barnebokinstitutt opp eit nytt nettstudium i samtidslitteratur. Studiet er retta mot bibliotektilsette, lærarar og andre som arbeider med undervisning og formidling, og har som mål å styrke kunnskapen om ny barne- og ungdomslitteratur.
– Vi vil gi ei forsking- og praksisbasert oversikt over sentrale tendensar i samtidslitteraturen, men også utvikle studentane si formidlingskompetanse i møte med barn og unge og gi dei sterkare digital og visuell kompetanse, seier NBIs direktør Kristin Ørjasæter, og legg til:
– Dagens barne- og ungdomslitteratur tek i bruk ein del virkemiddel som vi kanskje enno ikkje har vent oss til å forbinde med lesing. Studiet må seie noko om kva samtidslitteratur er i dag, kvifor vi les den, og korleis.
Innhald
Det var under Se og Les-konferansen i Bergen i februar at NBIs direktør presenterte omrisset av det nye nettstudiet. Sjølv om studiet framleis er under utvikling, har det likevel fått ei tydeleg retning:
– Dagens barne- og ungdomslitteratur blir meir og meir visuell, og bildebøker er den typen bøker som har auka mest det siste tiåret. Samstundes er det ikkje berre i bildeboksjangeren at det visuelle tek meir plass. Så sjølv om dette er eit studium i samtidslitteratur i vanlig forstand, vil ein viktig del av studiet vil handle spesifikt om utviklinga på det visuelle og det digitale feltet, seier prosjektleiar for nettstudiet, Øystein Espe Bae.
– Ein viktig del av studiet vil også handle om å styrke kompetansen rundt formidling av samtidslitteratur, og romme tema som prosa for ungdom, lettlesbøker, teikneseriar og grafiske romanar, lyrikk, fagbøker for barn og appar, seier Espe Bae.
Studiet er under planlegging, og NBI inviterer derfor samstundes til dialog om akkurat kvar tyngdepunkta i studiet skal ligge.
–Ta gjerne kontakt dersom du er interessert og har spørsmål eller innspel, oppmodar Espe Bae.
Her finn du kontaktinformasjon og spørjeskjema for tilbakemelding.
Organisering
Studiet i samtidslitteratur er nettbasert, og vil tilby variert og kvalitetssikra undervisning og stor grad av fleksibilitet for studenten. Graden av studiebelastning kjem til å gjere det mogleg å ta studiet ved sidan av ei ordinær stilling.
Søknadsfrist er 1. juni, og informasjon om dette vil bli lagt ut på NBI sine nettsider så snart det er klart. Studieavgift er sett til 2500 kr. per semester.
Parallelt med oppstarten søker NBI NOKUT-akkreditering, og målet er at nettstudiet skal kunne gi opp mot 30 studiepoeng. Dette vil imidlertid tidlegast kome på plass i 2015.