Har du behov for auka kompetanse om nyare barne- og ungdomslitteratur?
Vi tek opp nye studentar til Nettstudiet i samtidslitteratur for barn og unge våren 2023.
Om studiet
- Søknadsfrist: 15. mai 2023
- 1-årig vidareutdanning på deltid
- 30 studiepoeng
- Semesteravgift: kr 8 000
- Studiet gir rett til lån i Statens lånekasse for utdanning
- Studieplan med læringsmål for studiet (PDF)
- Studiestart: høsten 2023
- Forskrift om opptak, studier og eksamen ved Norsk barnebokinstitutt
Samtidslitteratur for barn og unge er ei heilt nettbasert vidareutdanning for lærarar, bibliotekarar og andre litteraturformidlarar.
Dei fleste studentane kombinerer studiet med full jobb, og læringsformene er difor så fleksible og asynkrone som mogleg, for å gjere det mogleg for den einskilde student å tilpasse studiekvardagen. Berre unntaksvis, slik som ved oppstartsmøte og munnleg eksamen, vil det vere faste tidspunkt på dagtid som ein må sette av tid til. Likevel, studiet gir 30 studiepoeng, og har ei arbeidsmengd som svarer til halvparten av eit fulltidsstudium.
Studentane lærer om dei sentrale tendensane innan eit breitt mangfald av litteraturformer. Forvent å lære om alt frå nye teikneserieromanar til berekraftstematikk i litteraturen. Studentane får tett veiledning, dialogiske og fleksible arbeidsformer, og læringsgrupper kor studentane får utbytte av kompetansen til kvarandre. Studiet kan justerast etter den einskilde sine behov for fagleg fordjuping, og har eit gjennomgåande formidlingsperspektiv.
Studiet er leia av fagleiar Øystein Espe Bae. Både tilsette på instituttet og eksterne førelesarar underviser på studiet. Undervisarane har brei kunnskap på barne- og ungdomslitteraturfeltet og innan formidling.
Hør kva tidligare studentar meinar
Opptak og opptakskrav
For å kvalifisere til opptak må du ha utdanning som er relevant for arbeid med barne- og ungdomslitteratur eller formidling av slik litteratur. Det kan for eksempel vere bibliotekar-, litteratur-, lærar- eller andre relevante studium.
Søknaden skal innehalde
- CV med informasjon om utdanning og yrke, samt namn, adresse, telefon og e-postadresse
- Motivasjonsbrev: Skriv om motivasjonen for å søke og studiet sin relevans for din noverande arbeidssituasjon
- Relevante attestar og vitnemål
Øystein Espe Bae
Foto: Niklas R. Lello
Liv Marit Weberg
Foto: Niklas R. Lello
Stipendplassar
Det er sett av stipend som dekker studieavgifta til tre studieplassar, tiltenkt søkarar med bakgrunn frå Asia, Afrika, Midtøsten eller Latin-Amerika.
Utdanningsplan
Utdanningsplanen er ein avtale mellom instituttet og kvar student. Avtalen omtalar betaling av studieavgift, og kva som er høvesvis instituttets og studentens ansvar gjennom studieløpet.
Meir informasjon
Du kan kontakta fagleiar Øystein Espe Bae, eller administrasjons- og studieleiar Ellen Aagaard for meir informasjon
Studentblogg

Kanskje går det an?! Kraften som bor i samtidslitteratur for unge voksne

Grenseløs formidling?

Mellom jeget og naturen
Innlegg om studiet

Undervisningsfilmer for formidlere – vi deler godbiter fra nettstudiet

Nytt opptak til Samtidslitteratur for barn og unge. Nettbasert videreutdanning for litteraturformidlere

Søk på nettstudiet i samtidslitteratur
Norsk barnebokinstitutt arbeider for å holde et høyt nivå på alle sine aktiviteter og betrakter NOKUT-akkrediteringen som et middel til å sikre at utdanningen holder et solid høyt nivå. I det ligger at Norsk barnebokinstitutt forplikter seg til å tilby studentene forskningsbasert undervisning og til selv å drive forskning og kunstnerisk utviklingsarbeid
NOKUT er nasjonalt kvalitetssikringsorgan for høyere utdanning og fagskoleutdanning. Det innebærer tilsyn med utdanningsvirksomheten ved alle norske institusjoner som gir utdanning på dette nivået. NOKUTs tilsyn er en kontroll med institusjonenes interne kvalitetssikring av utdanningsvirksomheten og med at deres utdanningstilbud tilfredsstiller nasjonale kvalitetsstandarder. Les videre på www.nokut.no