Hopp til innholdet

Samtidslitteratur for barn og unge

Nettbasert vidareutdanning for litteraturformidlarar

Oppdatert kunnskap for deg som formidlar litteratur til barn og unge

Søknadsfrist: 15. april

Søk her

1-årig vidareutdanning på deltid

30 studiepoeng

Opptak våren 2024

Fleksible læringsformer

Lån i Lånekassen

Godt læringsmiljø

Undervisarar og rettleiarar

Øystein Espe Bae
Ayse Koca
Liv Marit Weberg

Har du behov for auka kompetanse om nyare barne- og ungdomslitteratur? Ønsker du å studere og diskutere saman med andre litteraturformidlarar?

Da er nettstudiet Samtidslitteratur for barn og unge noko for deg!

Samtidslitteratur for barn og unge er ei heilt nettbasert vidareutdanning for lærarar, bibliotekarar og andre litteraturformidlarar. Forvent å lære om alt frå nye teikneserieromanar til berekraftstematikk i litteraturen. Studentane får tett rettleiing, dialogiske og fleksible arbeidsformer, og læringsgrupper kor studentane får utbytte av kompetansen til kvarandre. Utdanninga har eit gjennomgåande formidlingsperspektiv.

Studieplan for nettstudiet i samtidslitteratur for barn og unge (PDF) (Planen reviderast i 2024)

Vidareutdanninga gir deg

  • Kunnskap om dei sentrale tendensane innan eit breitt mangfald av litteraturformer
  • Høve til fagleg fordjuping etter ditt behov
  • Ein studiekvardag tilpassa deg som er i jobb
  • Små læringsgrupper kor studentane styrker kvarandre
  • 30 studiepoeng, som kan kvalifisere til undervising i norsk i skolen (må avtalast med eigen arbeidsgivar)
  • Undervising og rettleiing av engasjerte og dyktige fagfolk

Studiet passer for

Studiet passer for deg som er som formidlar av litteratur til barn og unge, enten det er i skule, bibliotek eller på andre arenaer

Dei fleste studentane kombinerer studiet med full jobb, og læringsformene er difor så fleksible og asynkrone som mogleg, for å gjere det mogleg for den einskilde student å tilpasse studiekvardagen.

Berre unntaksvis i løpet av studieåret, slik som ved oppstartsmøte, rettleiing og munnleg eksamen, vil det vere tidspunkt på dagtid som ein må sette av tid til.

Arbeidsformene på studiet legg til rette for at studentane samarbeider gruppevis i videomøter, omtrent ein gong i månaden i snitt. Desse treffa er det gruppene sjølve som finn passande tidspunkt for, ofte på kveldstid når det måtte passe. Dette er ei arbeidsform som får gode tilbakemeldingar frå studentane.

Det er likevel viktig å hugse at arbeidsmengda svarar til eit halvtidstudium.

Studentane får tilgang til undervisingsressursar gjennom læringsplattforma Teams. Undervisinga er organisert i modular som publiserast gjennom studieåret. Hovudvekta i arbeidet siste semester er utvikling av eksamensprosjektet, som ber studentane skrive fram eit individuelt formidlingsopplegg.

Søknadsprosess

 Opptak skjer etter skriftlig søknad og intervju. Den skriftlige søknaden skal inneholde:

  • CV med informasjon om tidligere utdanning, skriveerfaring og formidlingserfaring.
  • Søknadsbrev: skal opplyse om motivasjon for egen skriving og formidling.
  • Egen kunstnerisk tekst

Den kunstneriske teksten skal være på cirka 15 sider og ikke tidligere være utgitt. Det skal også legges ved en beskrivelse av et formidlingsopplegg for barn eller ungdom på cirka 5 sider. Formidlingsopplegget kan være avholdt, men det er ikke et krav.

Tekstene skal leveres i A4-format, 12 punkt skrift.

Kvalifiserte søkere rangeres første gang på bakgrunn av innsendt materiale. De høyest rangerte innkalles til en samtale med opptakskomiteen. Her fokuseres det på søkernes motivasjon og evne til kunstnerisk refleksjon og refleksjon over målgrupperelaterte formidlingsmetoder. Samtalen avgjør hvem som blir tilbudt studieplass.

Opptakskrav

Opptak skjer etter skriftleg søknad. Søknaden skal innehalde:

  • CV med informasjon om utdanning og yrke, samt namn, adresse, telefon og e-postadresse
  • Motivasjonsbrev: Skriv om motivasjonen for å søke og studiet sin relevans for din noverande arbeidssituasjon
  • Relevante attestar og vitnemål

Du vil få svar på søknaden seinast i løpet av juni.

Studieavgift

Studieavgifta er på kr 8 000,- pr semester.

Det kan komme nokre utgifter til kjøp av litteratur.

Stipendplasser

Det er sett av stipend som dekker studieavgifta til tre studieplassar, tiltenkt søkarar med bakgrunn frå Asia, Afrika, Midtøsten, Latin-Amerika, og søkarar med samisk/kvensk bakgrunn.

Kontakt

For mer informasjon, eller spørsmål om studiet, ta kontakt med fagleder Øystein Espe Bae (oystein.bae@barnebokinstituttet.no / +47 994 93 932) eller administrasjons- og studieleder Ellen Aagaard (ellen.aagaard@barnebokinstituttet.no / +47 984 01 829).