Ordet er fritt: «Hvordan går det» med Mummi i landet Transmedia?

 

 

Av Mette Karlsvik

Mette Karlsvik er forfatter og journalist. For tiden er hun student ved Fordypning i scenekunst – en 1-årig etterutdanning for forfattere i regi av NBU, Dramatikkens Hus og NBI. 

 

Foto: Aschehoug/Cappelen Damm/Microsoft Office

 «Transmedia», seier NRK Super-sjef Inger Marie Hafstad. «Det er relevant for barnebokforfattarar», seier ho, og viser omslaget til boka Vaffelhjarte av Maria Parr. NRK dramatiserar boka no, og lagar tv-serie av den. Hafstad viser også klipp frå tv-serien Linus i Svingen. I veska mi har eg boka Linus i Svingen. Og ved den venstre sida mi sitt Ingeborg Arvola. Romanforfattaren var ein av manusforfattarane for tv-serien Kometkameratane, som også gjorde stor suksess som høyrespel. Kometar har vore transmediale tidlegare også:

 Eg tenkjer på Kometen Kommer av Tove Jansson. Historia begynte som bok. Den blei animert av russiske filmprodusentar i 1978, og sendt som tv-serie. Fleire andre utgåver av tv-serier seinare, er Kometen Kommer no tilgjengeleg som e-bok i bokhandelen Amazon.

Allalderlitteratur er ikkje dekkande for Janssons bøker. Mange av bøkene hennar er også allformslitteratur: Dei fungerar godt i alle former – også dei digitale.

 .

 

 

Men i dette essayet vil eg sjå på ei bok som forlaga enno ikkje har omsett til epub-format og laga e-bok av: Hvordan Gikk Det? er Tove Janssons debut som bildebokforfattar. Boka kom i 1952, og etter fire barneromanar om Mummitrollet. Romanane var illustrert med vignettar i svart-kvitt. No kom ei fullformat bildebok i fargar, kor Lille My og søster hennar, Mymlen, for første gong har leiande rollar i historia. Saman med Mummitrollet reiser dei frå «mjølkemannen» i den eine enden av dalen, via fjell og hav og støvsugarar – til Mummimamma

Dei tolv dobbeltsideoppslaga er tolv kapittel, tolv spenningsbobler innanfor hovudplottet. Pageturners omsett til slukebøker på norsk. I denne boka blir Mummi slukt av hol som er stansa i sidene, og som blir stadig trongare og vanskelegare å komme gjennom.

Korleis kjem det til å gå til slutt, når hola blir mindre enn Lille My? Dette er spørsmålet som bidrar til at eg, som lesar er, blar meg til slutten av denne boka.

Etterpå stiller eg meg dette spørsmålet: korleis går det med Mummi, Lille My og Mymlen i ein potensiell digital tidsalder?

Heimreisa

Det var på eit seminar for dramatikarutdanninga for barne – og ungdomsbokforfattarar at NRK-produsenten Hafstad holdt eit fordrag om dramatikk for dei yngste. Eg forsto henne slik: Det transmediale går hand i hand med litterære univers: der kor forfattarar skapar heile univers omkring historiene sine, der oppstår myter. Derfrå spring heile tida nye former av historiene ut. Som sagt, dette var hennar framlegg sett frå min forståingsverd. Hennar framlegg sett frå min forståingsverd. Og slik må ein visst tenkje som forfattar av alle slags tekstar for barn og unge: Skrive på deira premiss, frå deira augehøgd, og ikkje bare for dei, men med dei. Og kva liker barn?  Tull med autoritetar, artige folk, dumme folk, farligheiten, tiss, promp, bæsj, bytte av rollar. Magi.

I ein digital tidsalder har omgrepet «magi» mista meininga si. Gjennom digitale utgåver av litteratur, til dømes, kan ein få alt muleg magisk til å skje. Eller er slike tankar som desse å sjå ting frå vaksensynspunktet mitt? For barnet er kanskje det digitale, og alle mulegheitene i det elektroniske meir som ein  norm. Når seminaret sluttar, låner eg difor med meg nokre bøker for togturen heim. Hvordan Gikk Det? til dømes. Den magisk på ein analog måte. Ting tar tid i Mummidalen fordi tida ekspanderar, overskrid, og på den måten blir mytisk.

Oslo S

Etter seminaret sitt eg i ei vogn på veg gjennom Gjøvikbanen. Her er det er trådlaust internett og Mytekalenderen på nettradio: «På Marco Polos tid kunne det ta tre år å reise til Kina», fortel programleiar Terje Nordby om denne dagen i januar. Twitter. Eg skriv: «Nordby finn det fabelaktige ved kvar einaste dag, år etter år. Tove Jansson var artig kvar einaste dag, i fleire år, då ho laga humoristiske vaksenseriestriper for The Evening Times».

Den beste litteraturen den som rører det som alle mennesker kjenner på, uansett alder. Vil også den beste litteraturen vil vere god, uansett om den blir gitt ut på papir eller elektronisk? Eller blir e-bøkene ein «revolusjon» på den måten at det medfører ein segmentering av typar litteratur, og ein profesjonalisering av dei ulike formene:
 

Papirbokforfattarar vil nytte papiret for alt det er verdt, til å skape bokobjekt, mens e-bokforfattarar vil maksimere fordelene ved elektronikken.

Flisbyen

Ikkje før har toget forlatt Oslo S, før det rullar over ein tilfrose straum, mot Lillestrøm Stasjon. Båtane ligg på land som bøker med ryggen i veret, og sidene utslått. Dei siste vekene har det i Norge handla om «papir» i politikk og kulturpolitikk; om «papirlause innvandrarar», «e-bok», om papir og miljø, papirpengar eller fri flyt av valuta over landegrenser. Det er bare ein halvtime sidan eg blei tilnærma av pågåande kredittkortselgarar på Oslo S. Dei lokka med «billige» forbrukslån og kort med kredittgrense på 100 000 kroner. «Du treng ikkje eige noko for å bruke dette kortet», sa dei. Nei, tenkte eg då, eg vil helst ikkje eige så mykje meir enn denne vesle veska mi, kor eg har Hvordan Gikk Det?, tenkte eg, og kom meg på toget:

Mummitrollet skulle bare heim frå mjølkemannen til mamma. Men Mummidalen blir ei hinderløype mellom elektriske hatifnattar, hysteriske filifjonkar, og ein monsterstøvsugar svalten på Mummi, mjølkespann, Vesle My og mymlar. Heldigvis var både Polo og småtroll vante til å utforske mytiske landskap: Indre landskap var mytologisert av middelaldermenneska, og av mørkredde Mummi. Mummi er ingen eskapist. Reisa hans er heimover. Dette er ulikt seinare «reiseskildringer» frå Mummidalen, som Pappan og Havet, som er reiser frå Mummidalen og til noko anna.[i]

Eksistensielle spørsmål og filosofisk sofistikasjon er noko av det som virkar grensesprengande i barnebøkene til Jansson. I teikneseriene frå 1933 og utover, strekker ho dei andre grensene: dei mellom rutene. I Hvordan Går Det? overfører ho denne leiken til boksidene. Bildebokdebuten nyskapar forma, inviterar til interaktivitet, og mobiliserar lesarane til diskusjon om stoffet, og gjetteleiker.

 

Skulptur

Hvordan Går Det? har tolv vers med rim og rytme, og passar til høgtlesing. Teksten kjem ut i stova kor vi sitt og les. Som Mummi! Han hoppar inn og ut av hol i sidene. Forlatar noko, kjem til noko nytt. I ein e-bokadapsjon kunne Mummitrollet ha vandra fysisk over sidene. Mylderet av visuelle element kunne vore lenga til hypertekst. Men det trengs ikkje. Jansson gir flatt papir nye dimensjonar. Bildebøkene til Jansson grensar mot skulpturar/ kunstobjekt. Dukkefilmar frå sovjetiske animatørar frå 1978 hadde også fysisk djup og fleirdimensjonalitet. Муми-тролль, som serien var kalla i Sovjet, var brungul, dunkel og dirrande av noko uutalt. Noko lurte i skuggane. Slør dekte over noko. Eg fekk ikkje tilgjenge til alt, men hadde noko å strekke meg etter. Som med Hvordan Går Det? : Magien får bare skje inne i meg, og fiklelysta blir uforløyst. Eg blir aldri ferdig med historia, mellom anna på grunn av ein kjenslemessig gjenkjennelse.

Slukt av boka

Hola definerar også begynnelsen, midta og slutten av kvart kapittel, og er inngangar og utgangar til nye sider. Mellom hola går raude trådar i form av vegar. Dei er som strikk, som blir strekte ut og skapar suspens. Vegen er teikna opp for Mummitrollet. Men kjem han til å følgje den? Mummi må følgje med, og lage sin eigen veg. Akkurat som barnet, som les boka. Barnet får vere med på å gisse, men også dikte. Det mest konkrete dømet, er når Jansson teiknar eit bilde i bildet. Det innramma bildet har tittelen «Filifjonken da hun var falt til ro». Men lerrettet er blankt, og inviterar lesaren til å fylle inn med sitt eige bilde av Filifjonken. Men ein skal ikkje fylle det ut, skal ikkje trykke på alle knappar, eller lage knappar til å trykke på. Men KOR eg grunnar på historia til Filifjonkis. Gjekk ho virkeleg på sjøen?

Kvifor er Filifjonken så rar?

Ragnar Hovland har sagt at det som skil barnelitteratur frå bøker for vaksne er ikkje kva tema ein tar opp, men korleis ein handsamar tema. Med absurdisme og humor omkonfigurerar Jansson kjenslestoffet, rekontekstualiserer det, og lar barnelesaren skape sitt eige verdsbilde, uforkludra av vakensynet. At Hattifnattar trekk te og putrar over av undertrykte kjensler, og at Hemulen er ein idylliserande godfjott som bare likar supersøte småknøtt blir komisk for barnelesaren som har lagt sin elsk på den usentimentale avantgardisten og fritenkaren Vesle My.

Kontrollfrikane er hindra som Mummitrollet og mymlis forserar i Hvordan Går Det?. Kontrollsamfunnet lagrar, mens eg skriv dette, lyttedata frå iTunes – og Spotifykontoen min. Når vi brukar lesebrett frå ein særskilt produsent, kan lesemønstra våre bli registerert [ii] og gitt til forlag eller forfattarar, som kan bruke det i marknadsføring eller tilrettelegging av nye publikumstilpassa bøker. Forfattaren kan skrive den boka som du aller helst vil ha. Dumt! Men dette er bra: Spesialisering i form av maksimering av forma! Ja takk. Kanskje vil pageturners i større grad bli gitt ut som e-bok. Men kva med barnelitteraturen og e-boka? Vil teknotrøytte ungar finne e-formatet like spennande som oss vaksne gjer?

Cappelen Damm forlag marknadsfører Janssons Samlede teikneserier for målgruppa 15 – 99 år. I nokre av dei første seriene sine, delte ho opp rutene med ein kost eller eit gevær, eller andre rekvisittar i historia. Karakterane penetrerte serierutene. Jansson brukte humor og leik til å ufarleggjere Hitler, til dømes. Det var også ein karikaturteikning av nazileiaren som gjorde at redaktøren i London-avisa Evening Times inviterte Jansson til ein tilsynelatande lukrativ og innbydande avtale:

Viss ho ville teikne for avisa, var ho sikra fast inntekt i eit bestemt antal år. Jansson fekk eit antall år pliktteneste, for å bruke dei militantes omgrep. Presset på å produsere og levere arbeid av denne typen skal ha virka stressande.

Og kanskje var det desse vaksne utventidge strukturane som gjorde at Jansson løyste opp stripeformatet ytterlegare. Mummitrollet lente seg mot ruta, så den bøygde seg under vekta hans. I ein e-bokadapsjon kan Mummitrollet vandre over sidene, og gå inn og ut av ruta.

Mylderet av visuelle element kan få ulike funksjonar. For det digitale formatet er dette lett å få til. Jansson levandegjorde cellulose. Men det er i hòla i boksidene, i dei papirlause felta, at dei mest dramatiske hendingane skjer. Papir er mindre nøytralt enn vatn i dag, i starten av 2011.

 

Beat

Vi reiste gjennom land og landskap herja av krig; Tjetsjenia, Russland, Praha, London, Lower East Side. Vi hadde mirakuløse møter med politi og presidentar, med musikarar og radikale ungdom, med radioprogram og flyturar, skriv Alan Ginsberg om drømmereiser med On The Road-vennen Jack Kerouac.

Toget mitt nærmar seg Gardemoen. Etter nokre lafta gårdshus og snødekte kornåkrar kjem eit kvitt 737 over toglinja. Flyplassterminalen neste. Dei fleste går av her, med koffertane sine. Globalisme er den nye limen som skal halde det globale samfunnet i lag, men som medfører ytterlegare stor rikdom for nokre, og større fattigdom for andre. Etter nyliberalisme, nyboom, nykrakk og nyttekalkyler, snur fleire verdsborgarar seg igjen til filosofien, mytologien eller religionen. Sjølv pengar har jo bare blitt abstrakte eininger dekoda over nettverk som ikkje kjenner landegrenser. Men den einaste datamaskina som trengs for å dekode og mane fram magi i verka til Tove Jansson, er den som ligg heilt på topp på kvar ein kropp.

Hvordan Går Det? er ikkje eit nytteobjekt og kunsthandtverk, men kunst på premisset av barns verdsbilde. Ho teiknar opp nye koordinatar av sensoriske erfaringer, og framkallar heller enn å skildre epifaniar. Dette er ein av nokre ting som Jansson delte med dei samtige «beatpoetane». Reiseskildringene og den frie kjærleiken. Men Jansson budde i lag med Tuulikki Pietilä, ei kvinne som i følgje biografiane om Jansson var jordnær og praktisk.

 


[i] For meir om Jansson, idyllisering og/ eller eskapisme, sjå Guri Kulås Mummis vaksenvinter fredag 24.12.2010: Klassekampen

[ii] I radioprogrammet NPR Topics: Is your e-book reading up on you, blei det hevda at enkelte produsentar av lesebrett registrerar og arkiverar lesarstatistikk.  

Dette essayet tar utgangspunkt i ein tekst som Mette Karlsvik hadde på trykk i Klassekampen i februar 2011. «God bok» heiter spalta kor teksten «Mummitrollet i Digidalen» var trykt.

Publisert 15. mars 2011

 

Relaterte innlegg

Stikkord: