Hopp til innholdet

Dei nominerte til U-prisen er lansert

I går blei dei fem nominerte bøkene til Uprisen – årets ungdomsbok lansert. Dei nominerte er:

 Evna-190x297Glimt-190x294I-morgen-er-alt-mørkt_MArlens-historie-190x296Mumiens-mysterium-190x300alfahann

 

 

 

 

 

 

 

 

#alfahann av Jan Tore Noreng, Gyldendal
Mumiens mysterium av Tom Egeland, Aschehoug
Evna (Ravneringene 3) av Siri Pettersen, Gyldendal
Glimt av Tor Arve Røssland, Samlaget
I morgen er alt mørkt – Marlens historie av Sigbjørn Mostue, Cappelen Damm

Bøkene er nominerte på bakgrunn av nærare 1000 meldingar ungdom har skrive av norske ungdomsbøker frå 2015. Alle meldingane er publiserte på www.uprisen.no. Vinnaren blir kåra under Litteraturfestivalen på Lillehammer i slutten av mai.

I tillegg til dei fem nominerte, valde nominasjonsjuryen ut fem bøker dei vil anbefale ungdom å lese. Dei er:

Fuck verden av Monika Steinholm, Vigmostad & Bjørke
Blodets galskap av Elisabeth Øvreberg, Fair forlag
Vanessa Svartmo av Andrea Bræin Hovig, Gyldendal
Kamuflasje av Janne Aasebø Johnsen, Cappelen Damm
Ryktet av Ingeborg Arvola, Mangschou

Vi anbefaler dykk å bruke dei nominerte bøkene og dei på langlista aktivt i møte med ungdom, både i og utanfor biblioteket. Klikk på titlane for å sjå kva ungdom sjølv meiner om bøkene.

Sjå film frå lanseringa her.

Følg Uprisen på Facebook.

Dersom de lurar på noko, ta kontakt med:

Ole I.B. Storø
Foreningen !les
Epost: ole@foreningenles.no
Tlf.: 941 29 000/480 03 448
www.foreningenles.no

Kjelde: Foreningen !les