Har du behov for auka kompetanse om nyare barne- og ungdomslitteratur?
Vi tek opp studentar til Nettstudiet i samtidslitteratur for barn og unge våren 2022, med oppstart 29. august 2022
Om studiet
- 1-årig vidareutdanning på deltid
- 30 studiepoeng
- Semesteravgift: kr 8 000
- Studiet gir rett til lån i Satens lånekasse for utdanning
- Studieplan med læringsmål for studiet (PDF)
- Søknadsfrist 1. mai 2022
- Studiestart 29. august 2022
Samtidslitteratur for barn og unge er ei heilt nettbasert vidareutdanning for lærarar, bibliotekarar og andre litteraturformidlarar, og kan gjennomførast ved sidan av full jobb. Studentane lærer om dei sentrale tendensane innan eit breitt mangfald av litteraturformer. Forvent å lære om alt frå nye teikneserieromanar til berekraftstematikk i litteraturen. Studentane får tett veiledning, forutan dialogiske og fleksible arbeidsformer. Studiet kan justerast etter den einskilde sine behov for fagleg fordjuping. Studiet har eit gjennomgåande formidlingsperspektiv.
Opptakskrav
For å kvalifisere til opptak må du ha utdanning som kvalifiserer til arbeid med barne- og ungdomslitteratur eller formidling av slik litteratur. Det kan for eksempel vere bibliotekar-, litteratur-, lærar- eller andre relevante studium.
Hør kva tidligare studentar meinar
Søknadsprosess
Opptak skjer etter skriftleg søknad. Søknaden skal innehalde
- CV med informasjon om utdanning og yrke, samt namn, alder, adresse, telefon og e-postadresse
- Motivasjonsbrev: Skriv om motivasjonen for å søke og studiet sin relevans for din noverande arbeidssituasjon
- Relevante attestar og vitnemål
Øystein Espe Bae
Foto: Niklas R. Lello
Liv Marit Weberg
Foto: Niklas R. Lello
Studiet er leia av fagleiar Øystein Espe Bae, og han har med seg lærar og kursutviklar Liv Marit Weberg, med fleire. Både tilsette på instituttet og eksterne førelesarar underviser på studiet. Undervisarane har brei kunnskap på barne- og ungdomslitteraturfeltet og innan formidling.
Stipendplassar
Det er sett av stipend som dekker studieavgifta til tre studieplassar, tiltenkt søkarar med bakgrunn frå Asia, Afrika, Midtøsten eller Latin-Amerika.
Forskrift om opptak, studier og eksamen ved Norsk barnebokinstitutt
Meir informasjon
Vi held eit digitalt informasjonsmøte i løpet av våren, meir informasjon om dette kjem. Du kan òg kontakta administrasjons- og studieleiar Ellen Aagaard, eller fagleiar for studiet, Øystein Espe Bae, for meir informasjon
Studentblogg

Hvorfor er det viktig å formidle ny litteratur til barn og unge i dag?

Fantastisk samtidslitteratur

En gavepakke for leseglede hos alle
Innlegg om nettundervisningen

Økt kompetanse og faglig trygghet gjennom videreutdanning ved instituttet

Nye studieopptak våren 2021
