Hopp til innholdet

Barnelitterære ryggmargsrefleksar. Innspel til forskingshistorie – perspektiv på forsking og kritikk

Foto: Cappelen DammArtikkelen til Ingeborg Mjør, førsteamanuensis ved Høgskolen i Bergen, dokumenterer den barnelitterære forskingshistoria i Noreg, og korleis denne har utvikla seg i samspel med andre delar av det barnelitterære feltet, særleg kritikken. Først på 1990-talet kan ein sjå vesentlege forskingsresultat. 1990-talet representerte også ei litterær vending innanfor det barnelitterære feltet, på grunn av ein ny barnelitteratur, ny teori og nye forskingsperspektiv.

Forskarane ville primært vere litteraturforskarar. Etter 2000 har feltet blitt supplert med nye perspektiv på tekst og lesar, og ei einsidig tekstorientering har blitt kritisert. Artikkelen analyserer og avdramatiserer spenningane mellom barnelitterære hovudposisjonar som også er internasjonalt forankra og gjerne referert til som the didactic-literary split. Artikkelen argumenterer også for å utvide forskingsperspektiva til i større grad å inkludere det Boel Westin har kalla barnelitteraturens emosjonelle slagside, fordi denne synest vere ei så viktig side ved barnelitteraturen, som med jamne mellomrom aktualiserer kontroversielle oppsedingsspørsmål, moral eller politikk.

Les hele artikkelen