Hopp til innholdet

Lyst til å lære meir om samtidslitteratur for barn og unge? Ta vårt nye nettstudium! Søknadsfrist 1. juni

I august 2014 startar Norsk barnebokinstitutt opp eit nytt nettstudium i samtidslitteratur. Studiet er retta mot bibliotektilsette, lærarar, kritikarar og andre som arbeider med undervising og formidling, og har som mål å styrke kunnskapen om ny barne- og ungdomslitteratur.

Deltidsstudiet i samtidslitteratur strekker seg over tre semester, og er meint å vere utfyllande og supplerande til meir omfattande studietilbod frå andre læringsinstitusjonar, då studiebelastninga berre er ein tredel av eit vanleg fulltidsstudium.

– Meininga er at studiet skal vere såpass fleksibelt at ein kan kombinere det med fulltidsjobb. Det tredje og siste semesteret, som handlar spesifikt om formidling av ulike typer litteratur, legg vi til rette for at studentane skal gjennomføre eit formidlingsprosjekt med utgangspunkt i sin individuelle arbeidssituasjon, anten ein har biblioteksbakgrunn, arbeider som lærar eller kritikar, forklarar studiets prosjektleder Øystein Espe Bae.

Studiets oppbygning

Nettstudiet er organisert i tre moduler fordelt på tre semester.
Hver modul varer i 12 uker fra oppstart til avslutning av semesteret, inkludert eksamen.

Modul 1
Tendenser i samtidslitteraturen
Modul 2
Visuell barne-og ungdomslitteratur med fordypning i visuell og digital litteratur
Modul 3
Formidling med fordypning i praktisk formidling i bibliotek, skole eller litteraturkritikk
Se foreløpig studieplan
Søknadfrist er 1. juni
Søk på studiet her!
Spørsmål? Kontakt:

Øystein Espe Bae, prosjektleiar
Mobil: 994 93 932
oystein.bae@barnebokinstituttet.no