Hopp til innholdet

Tvisynet og dei mange spørsmåla

Illustrasjons-forslag: Trond Bredesen

Tekst om kunstnarisk utviklingsarbeid i samanheng med ein illustrert roman: «BHEKI – ei forteljing frå Swaziland».

Nokre skriveprosjekt tek lengre tid enn andre. For vel tre år sidan kom Bheki Dlamini til meg på kontoret med ein bunke papir: eit heilt 200-siders manus på engelsk.

Han presenterte seg som ein ung student som hadde flykta frå regimet til kong Mswati III i Swaziland, eit lite kongerike med éin million innbyggjarar, der gjennomsnittleg levealder er rundt 50 år.

Bheki Dlamini hadde i to år fått opphald og støtte ved Universitetet i Bergen, i pilotprogrammet Students At Risk. Programmet er for aktivistar som blir forfølgde i heimlandet. Landet har seinare forandra namn til Eswatini, men sidan historia til Bheki begynner i Swaziland, så bruker eg det namnet i teksten.

Etter å ha flykta til Norge fullførte Bheki mastergrad i Public Administration ved UiB. Swaziland er eit eineveldig monarki. I praksis er kongen diktator og slår hardt ned på opposisjonen som ønskjer å innføra fridom og demokrati. Dlamini har vore fengsla, torturert og lever no i eksil i Norge. I tillegg til manuset hans, intervju og ein film har eg hatt mange samtalar med han om oppveksten, den politiske situasjonen i Swaziland, ja, alt frå privatliv til den politiske kampen – også om kampen med byråkratiet i UDI og andre instansar i Norge.                              

Han ville at eg skulle laga ei bok basert på livet hans, ikkje som sakprosa, men som ei skjønnlitterær forteljing. Eg oppfatta at han ville at eg skulle stå ganske fritt.

Eg har alltid eit tvisyn når eg skriv, same kva. Eg meiner at ein skrivar skal vera mistenksam til teksten sin, gå fleire rundar, sjå det frå andre vinklar.

Eg har kanskje derfor slite med å finna forma på prosjektet. Tekstmengda han kom med, var så massiv at eg bad han om å gå til ein journalist. Eg meinte at ein journalist hadde betre kompetanse til å kunna ta vare på forteljinga hans, basert på manuset han sjølv hadde skrive på engelsk. Men eg oppfatta at Bheki ville at det skulle bli ei forteljing for unge lesarar. Derfor kontakta han meg fordi eg skriv skjønnlitteratur.

Etter fleire samtalar foreslo eg at vi skulle laga ein slags grafisk roman, eller kanskje meir ei gjennomillustrert bok for ungdom. Eg foreslo også at boka skulle illustrerast av Trond Bredesen.

Eg har vist Bheki mange ulike eksempel på kva ein grafisk roman kan vera, og han sa ja til at eg kunne fortelja historia hans som ei kort forteljing reint tekstmessig, men med mange illustrasjonar som også ber forteljinga.

Men det betyr at eg ved å velja denne sjangeren må kutta dramatisk ned på teksten hans i forhold til dei 200 tettskrivne manussidene, og at vi måtte diskutera oss fram til nokre ganske få kjerneområde i forteljinga hans.

Og då begynner tvisynet og spørsmåla å melda seg, mange av spørsmåla er vanskelege å svara på:

  • Er Bheki verkeleg interessert i at det blir ein grafisk roman?
  • Føler han at han kan diskutera fritt med meg kva som skal med og ikkje?
  • Eg har eit litterært nettverk som er norsk. Bheki har få, eller ingen andre, frå til dømes Swaziland som kan samarbeida med oss. Er det ei ulempe? Han kan heller ikkje reisa tilbake til Swaziland med meg, då vert han fengsla på nytt. Burde eg reisa dit? Og vil eg få noko relevant ut av det utan at han er med?
  • Boka blir på norsk, det er langt unna hans eige morsmål. Burde ho bli gitt ut på til dømes engelsk i alle fall? Men då går kanskje boka utanom det litterære kretsløpet i Norge?
  • Eg som forfattar har makt til å bestemma korleis dette skal bli, blant anna kven som skal illustrera. Vil han kjenna seg heime i den visuelle verda til Trond?
  • Mykje i livet hans er personleg, privat og sårbart. Han har vore utsett for tortur, og er audmjuka elles. Det er også vanskeleg for han å ikkje kunna besøkja familie og venner i heimlandet lenger. Kor mykje av dette skal med? Det trengst nok for å skapa interesse hos lesaren, men kor mykje er han komfortabel med at eg deler?
  • Bheki er enno ikkje så god i norsk. Kan nyansar som hadde trongest for å gi eit mest mogleg riktig bilete, forsvinna?
  • Korleis kan eg vita om han snakkar sant?
  • For å skapa ein sterk skjønnlitterær tekst må eg skapa ein narrativ struktur som held det heile saman. Eg må sannsynlegvis finna, delvis konstruera ein «vilja» dramaturgi som eigentleg ikkje ligg naturleg i forteljinga.
  • Kva er spenninga i og forskjellane mellom «verkelegheitslitteratur» og vanleg «litteratur»? Den skjønnlitterære teksten er basert på opplevingane til ein levande person, så dette er svært komplisert, synest eg.
  • Kludrar eg det til når eg vel vekk sakprosa og går for skjønnlitteratur?
  • Og det store «kven eig eigentleg historia?» ligg og lurer. Har eg som ein kvit, privilegert forfattar rett til å i det heile tatt bera stemma til ein flyktning frå Swaziland?
  • Burde vi ta inn éin eller fleire «sensitivitets-lesarar», i prosjektet,  i tillegg til Bheki sjølv?
  • Og heilt motsett? Ønskjer eg sjølv å måtta ta alle moglege omsyn? Kan eg gå på akkord med min eigen integritet og intuisjon som forfattar?
  • Og får vi inn dei riktige, objektive «sensitivitetslesarane»?  Finst dei, eigentleg? Har dei i så fall litterær kompetanse? Eg tviler litt på det. For vil dei bli «dommarar» som kan bli gitt altfor stor definisjonsmakt i forhold til kva eit litterært prosjekt treng eller toler?
  • Globaliseringa og nettet har krympa verda, og vi kan i større grad ta del i den verkelegheita andre lever i rundt omkring i verda, gjennom å kunna reisa og sjå korleis folk lever andre stader. Har Bheki frå Swaziland og Bjørn frå Sortland eigentleg mange fleire ting felles enn det som skil oss?
Illustrasjons-forslag: Trond Bredesen

Både Swaziland/Eswatini og Norge er små kongerike. Kan eg bruka dette på nokon måte, utan at det vert spekulativt?

Men kanskje mest av alt: Kva skjer med prosjektet når Trond Bredesen kjem inn med si visuelle stemme?

Igjen, fleire av desse spørsmåla er ikkje lette så svara på. Det beste verktøyet – og eg vil leggja til skjøre – verktøy eg har, er det sosialantropolog Anders Johansen kallar for «samtalens tynne tråd». Eg snakkar rett og slett med folk undervegs i skrivinga. Stiller dei desse spørsmåla, høyrer eg kva dei tenkjer. Det er min enkle, velbrukte metode: å snakka med folk.

Eg har lenge før omgrepet oppstod, ofte hatt såkalla «sensitivitetslesarar» med meg i research-fasen. Til nesten kvar einaste bok eg har skrive, har eg oppsøkt levande folk som eg har snakka lenge med, som har liknande erfaringar som dei hovudpersonen min har. Eller dei har rein kunnskap som eg treng for å skriva. Etterpå har dei også fått lesa gjennom manus og komma med innspel. Dette gjeld i særleg grad romanen min Hver morgen dyppet min søster brystene i isvann for å bli pen (Piggsvin Forlag 2017). Romanen handlar om ei ung jente som flyktar frå krigen i Syria. Mens eg skreiv, snakka eg med fleire kvinner som hadde flykta, og også lærarar og legar frå Syria. Dei kom med innspel, og fekk lesa manuset fleire gonger, heilt fram til trykkstart. Eg sa til dei at det var avgjerande for at boka skulle bli gitt ut, at dei kjende seg igjen, og at teksten hadde resonans hos dei. Vanlegvis gir eg ikkje informantar så stor fridom, men denne gongen var det heilt nødvendig for å gi forteljinga autentisitet.

Godt språk, kunnskap om dramaturgi, bildeforståing, kompetanse for visuell framstilling osv. er viktig. Men mest av alt er det å stilla spørsmål det viktigaste for skrivinga mi. Det eg treng aller mest, er å stilla dei riktige spørsmåla, få til den gode samtalen. Den lange samtalen kan vera slitsam, men å bruka tid og skapa tillit – slik at det blir reelle samtalar – det går til slutt gjennom i den ferdige teksten. Det har eg erfart gong på gong. Det er som det blir sagt i filmen Toy Story 2: «Ein kan ikkje rushe kunst.»

Ein tekst er alltid ein konstruksjon, ein syntese av verkelegheita, ein okse som er kokt ned til ein kraftig buljongterning. Og fritt etter Pablo Picasso kan eg seia: Kunst må vera ei løgn for å kunna visa ei større sanning.


(PS! Og elles vil eg leggja til at også denne teksten du no les, berre er ein konstruksjon om korleis eg jobbar med Bheki-boka. Det er slett ikkje uproblematisk å skriva tekstar som dette. Dette er også ei slags løgn, men sjangeren «ein artikkel om kunstnarisk utviklingsarbeid» krev dette av meg. Eg prøver så godt eg kan, men eg er nok ikkje heilt autentisk i det eg skriv her, det er umogleg. Prosessane rundt det å skriva er langt meir komplekse, ja, dei er faktisk langt på veg ordlause. Det krevst i alle fall lange samtalar om dette før vi nærmar oss noko som er relevant. Det vil eg no ha protokollert.)

Relaterte innlegg