Navigate / search

Nettstudiet i samtidslitteratur for barn og unge

– Gjennom dei siste par åra har vi lukkast med å etablere studiet som eit relevant vidareutdanningstilbod som gir 30 studiepoeng, seier formidlingsrådgiver ved studiet, Øystein Espe Bae.

Studiet varer 1 år, og har oppstart kvar januar.
Ny søknadsfrist kjem i 2017.  Sjå fakta om studiet nederst i saken.

 

Stor interesse

beautiful-15704_1920
Foto: Pixabay.com

Studiet er ei nettbasert vidareutdanning på deltid som er meint for formidlarar som arbeider med barne- og ungdomslitteratur, til dømes i bibliotek, skule eller andre stader.

– Vi opplever ei stor interesse for studiet så langt, med langt fleire søkarar enn studieplassar. Tilbakemeldingane frå første kull var gode, og det er viktig at vi bruker dei gode erfaringane som eit springbrett og held fram å utvikle studiet som eit fleksibelt og relevant vidareutdanningstilbod for formidlarar over heile landet, seier Espe Bae.

Første kull vart uteksaminert i desember 2015, og andre kull starta opp i januar 2016.

– Barne- og ungdomslitteraturen endrar seg fort, det samme gjer formidlarrolla, og den store interessen for utdanninga viser at formidlarar ser det som viktig å kople seg på tendensar i samtida. Vidareutdanning av formidlarar er viktig i eit tid der funksjonen og rolla til både biblioteka og skulen er i endring, seier Espe Bae.

Les også:
Innlegg om serielitteratur på studentbloggen 2016
Samtidslitteratur for barn og unge – av student Beate Ranheim 18.6 2015
Nettstudiet i samtidslitteratur  – av student Solgunn Solli 2.5 2015
Kult å kalle seg student igjen – intervju med student Helle Jomaas 22.1 2015

 

Fleksibelt studium

ØYSTEIN ESPE BAE-1657-FOTOGRAF ANNE E S ENGER copy
Formidlingsrådgiver Øystein Espe Bae

I utforminga av studiet har NBI teke omsyn til behova til studentane, som ofte er i full jobb ved sidan av studiet.

–Det er viktig å lytte på behova til målgruppene og å legge til rette for at ein kan ta studiet parallelt med jobben. Difor er arbeidsformene på studiet svært fleksible og asynkrone. Studentane har høve til å sjølv bestemme når dei ønsker å studere innanfor gitte tidsrammer, noko vi opplever som viktig for dei. Det er heller ikkje pliktbasert fysisk oppmøte på studiet.

– Sjølv om studiet krever god eigeninnsats gjennom studieåret, er mange av undervisings- og arbeidsformene video- og dialogbaserte, slik at arbeidet på studiet er variert og motiverer til læring, avsluttar Espe Bae.

Barn
Foto: Microsoft Office Online

 

Fakta om studiet

Studiet tek sikte på å auke kompetansen i nyare barne- og ungdomslitteratur på 2000-talet. Studentane lærer om alt frå biletbøker, barne- og ungdomsprosa og faglitteratur, til remediering, teikneserier og appar. Studiet er retta mot formidlarar, men er inga direkte vidareutdanning i formidlingprofesjonen. Likevel har studiet eit gjennomgåande formidlingsperspektiv gjennom heile forløpet og blir av studentane opplevd som relevant inn mot yrkeslivet.