«Eg er ein av dei som aldri våga å få barn sjølv. Kva skulle eg seie til dei? Korleis skulle eg unngå å få dei til å hamne på kjøret, på skråplanet? Kva ville dei seie til meg? Ville eg klare å vere ein vaksen som kunne vere eit førebilete for dei, som dei ville kunne ha nokon som helst grunn til å sjå opp til?
Eg er den barnlause skrivaren som likevel – eller kanskje nettopp derfor – skriv m.a. for barn. Eller gjer eg det?»







